Skrive tå Per Johnny Voldset, David Grøvdal og Janne Søvik i Rauma arbeiderparti.

Å snu kappa etter vinden, vere utydeleg eller å holde korta tett til brystet er ikkje ein uvanleg taktikk i politikken. Det å være ærleg, tydeleg og open er derimot verdiar Rauma Arbeiderparti ønsker seg i alt arbeid og samarbeid både politisk og elles. Friheit, likheit og solidaritet er viktig når ein skal løyse viktige samfunnsoppgåver. Rauma Arbeiderparti vil ha eit samfunn med små forskjellar, vi vil være med å få til ei god samfunnsutvikling der desse verdiane skal gjenspegle seg i politikken. Om vi har felles mål, tru på innbyggarane, på mangfald og inkludering trur vi at kommunen vår kan bli enda betre å bu i.

Når vi snart får balanse i kommunens økonomi vil rimeleg boligar bli ei av hovudprioriteringane for Rauma Arbeiderparti. Effektiv energibruk og klimavennleg bygging skal følgast opp. Vi skal vidare satse på vedlikehald og oppgradering av kommunale bygg, bruer og vegar. På lik linje med andre kommunar har dette arbeidet fått alt for lite merksemd og forfallet er stort. Vi vil ha ei fullstendig oversikt over behovet for nye investeringar.

Vi vil og legge vekt på at kommunen vår skal vere eldrevennleg i alle aktuelle saker eksempelvis parkeringsordning i sentrum og lett tilgjengeleg kontakt med kommunens tenesteapparat. Dei lovpålagte tenestene skal vere sikra for alle. Vi vil ha ny svømmehall i sentrum der alle grupper skal få tilgang til trening, leik og opplæring.

Den aller viktigaste saka for næringslivet vårt  og for innbyggarane er at E 136, med alle sine flaskehalsar blir jobba med kontinuerleg, dialogen med Nye Veier og sentrale myndigheiter skal forsette. Kommunen skal og vere pådrivar for at ungdomstrinna, Rauma vidaregåande skule og næringslivet får ein enda tettare dialog, blant anna for å kartlegge behov for arbeidskraft og lærlingplassar.

Rauma Arbeiderparti skal jobbe kontinuerleg og vere tett på til ei kvar tid for å få til god samfunnsutvikling og våre verdiar skal gjenspegle seg i konkrete handlingar og vedtak.

Per Johnny Voldset, 3. kandidat, Rauma arbeiderparti

David Grøvdal, 2. kandidat, Rauma arbeiderparti

Janne Søvik, ordførarkandidat og gruppeleiar, Rauma arbeiderparti