Skrevet av Torbjørn Bruaset

Det er no nøyaktig 3 månader sidan redaktøren oppfordra til å ha popkorn og påskegodt klart til tvekampen som skal komme i Raumapolitikken den 11. sept.

Det eg hadde av påskegodt åt eg opp i palmehelga, og popkorn likar eg ikkje, men eg skal finne noko dersom det blir noko feiring.

FAU ved Måndalen skule hadde invitert til den første tvekampen, og det fortener leiaren ros for, men det vart ein heller roleg tvekamp. For den uvissa som har vore i lang tid om framtida til U-skulen er vel avblåst gjennom debattar i andre fora, og full retrett frå dei som heilt til siste budsjettmøte har stemt for å legge ned skulen. Det er bra at dette no er avklara, men det er likevel eitt spørsmål som burde vore teke opp ved dette høvet, nemleg: FRITT SKULEVALG. Det hjelp lite om det er oppgang i barnetalet, dersom barna vel bort skulen her.

Det var fint å bli litt betre kjent med vår nye Kommunedirektør. Om han ikkje tok møtet med storm, så gjorde han eitt godt inntrykk. No veit eg ikkje om

«hvetebrødsdagar» er noko som gjeld for kommunedirektørar, men med rask hoderekning fann eg ut at dette var 99 dagen hans i Rauma, så eg vel å sei at han var innenfor. For det er nok litt feil at Rauma var så framsynt at dei bygde helsehus med stor overkapasitet. Under planlegging og byggeprosess så var vidare utbygging og behov ofte tema. Det var nok den vanskelege økonomien som har tvinga fram ein så stor reduksjon. Helsehuset hadde fullt belegg ved åpninga i april 2018. Og det må vere eit tankekors, også for Kommunedirektøren, at for dei 30 romma som no står tom har kommunen fått rundt 50 millioner i tilskudd frå staten. Andre som mottek statlege tilskudd må som regel betale tilbake dersom prosjektet ikkje blir som planlagt.

Nordveggen vart også kort nemnd av direktøren. Kor stor vekst Nordveggen har skapt skal eg ikkje sei så mykje om, men dei har skapt mange store overskrifter gjennom åra. At mange kommuner misunner oss dette er kanskje rett, men veksten er vel så stor i andre kommunar. Høgre sin ordf.kandidat har nok rett i at hadde det ikkje vore for mottak av flyktninger så ville det ikkje vore vekst i folketalet.

Den viktigaste grunnen til at eg brukte denne junikvelden til dette møte var at eigedomsskatt skulle diskuterast. Sjølv har eg nytta alle høve til å kritisere denne skatten, men stort sett for døve ører. Derfor var det positivt at dei fleste i panelet støtta det eg har sagt, heilt eller delvis. At ordføraren skulda på Skatteetaten er ansvarsfråskrivelse.

Det var kommunen som brukte store beløp på å leige inn takstfolk som gjekk frå gard til gard, og frå hus til hus. Sjølv min gamle sommarfjøs vart synfart både utvendig og innvendig sjølv om den ligg langt utenom både som skatteobjekt og allfarveg.

Og det var kommunen som vedtok at verdien på alle tomter skulle settest opp frå 200.000 til 300.000 kroner. Dette vart taksten enten det er ei hytte med fleire km. gangveg sjølv på sommaren, eller tomta er kjøpt for nesten ein million og har heilårsveg til døra, framlagt straum , vatn og kloakk. Er dette rettferdig?

Det er også stor variasjon på taksten mellom hus som ikkje er råd å forklare ut frå det ein ser utvendig, og bryt sterkt med det som ein blir møtt av om ein kjem inn.

Ap. ville rette opp skjeivheiter ved å auke botnfrådraget, men er det truverdig når det er under eit halvt år sidan dei stemte for å halvere frådraget?

Aller verst er denne skatten for ungdom som kjøper tomt, bygger hus og etablerer seg med familie. Kommunen lokker med billigsalg på tomter, men  så snart huset er oppe er takstfolka på plass med målband og lasermålar. Det er banken som i praksis eig mange av desse nye husa, slik blir skatten ein formuesskatt for folk uten formue.

Etter at Stortinget vedtok å redusere skattenivået frå 7 til 4 promille har denne skatten auka med over 10 millioner berre på ei 2–3 år i Rauma. I år er det budsjettert med over 40 millioner i eiendomsskatt. Også eg har stemt for e-skatt, for kommunen klarer seg ikkje uten, men det er dei voldsomme skjeivheitene som eg her har vist litt til, eg reagerar på. Og eg forstår lite av debatten om formuesskatt og lakseskatt så lenge vi har denne skatten som i dag. Jan Valde sitt forslag om å erstatte denne skatten med ein liten auke i inntektsskatten er svært fornuftig.

Måndalen fekk mykje skryt frå alle i panelet, og serleg dei som driv bedrifter og næringsverksemd her, fortener dette fult ut. For det er arbeidsplassar som er nøkkelen til vekst og utvikling både her og andre plassar.

Men eg kjenner også resten av Måndalen etter å ha budd her heile livet, og ein treng ikkje så langt opp i bygda før det manglar både gangveg, veglys og skuleskyss. Her må foreldra sjølv ordne med skyss til barna sine. Og viktige vegar her har fleire gonger vore foreslegne nedlagt.

Eg gler meg til valget i år, for det er mange x-faktorer i Rauma, gamle parti er borte og nye har kome til. Og etter møtet i går føler eg meg sikker på at det blir råd å få valgt ein ordførar også denne gongen. Men at det går så galt at det blir feiring med popkorn håper eg ikkje.