Av Edmund Søvik

Geir Grav hadde eit godt innlegg om dette temaet nyleg. Kanskje kan me heller kalle tittelen «Stadnamn og kveksebol». Kartverket og språkkonsulentane har hatt eit svært strev med å fastsetje «offisielle» skrivemåtar dei siste 30 åra.

Me kan vere glade for at dette stort sett er unnagjort, sjøl om resultatet sikkert kan diskuterast. Det er her både kveks og kamelar kjem inn i biletet.

Det som særleg har slått meg når eg har vore vitne til dette er: Det er svært til respekt me har for det skrevne ord. «Det står slik i gamle dokument», blir det ofte sagt, og trur at då må det vere rette måten. Skriftspråket har hatt svær prestisje bestandig. Det er lett å forstå.

I eldre tider var det få som meistra det, og det var personar med autoritet. Då får det prestisje. Utan å tenkje over det, føler ein då kanskje at skriftspråket er «finare» enn talemålet. «Å snakke fint», sa me før, når nokon snakka slik som skriftmålet. Og det vart eit svare spetakkel på 1800-talet, då det norske språket skulle gjenreisast i form av eit skriftspråk. Ein kunne då ikkje skrive grautmål! Og framleis er det mange som kvir seg for å skrive den målforma som er mest lik talemålet vårt.

Talespråket er det eigentlege språket, og skriftspråket er ein måte å hugse det som blir sagt. Difor skal me ikkje vere flaue over talemålet vårt, det er me vel heller ikkje lenger, ikkje slik som før. Likevel er det slik at me lar skriftspråket påverke talespråket vårt sterkt (og ikkje andre vegen) og einsrettar det, slik at dialektene misser meir og meir av sin karakter. Særleg er me svake for mediaspråket og engelsk. Eit unnatak er «sosiale media-språket» som ungdommane brukar. D e kje allti s domt.

Gamle dokument. Embetsmennene, stort sett danske eller danskætta, på 16-1700-talet og langt ut i 1800-talet hadde ikkje noko bevisst forhold til det norske talemålet, og hadde heller ikkje normer å halde seg til, så når dei skulle skrive stadnamn, vart all slags rart skreve. Det same gjaldt personnamn. Det er mykje morosamt å lese i gamle dokument.

PS: Eg trur Venjesdalen vil stå seg – dersom Åndalsnes Avis vil.