Kronikk av Geir Grav

Tale og skrift

I opphavet var ordet, i følgje Johannes evangelium. Og det er i alle fall sikkert at talen kom før skriftspråket. Det må det takast omsyn til når ein gir namn til bygder, vegar, vatn, fjell og dalar. I somme høve er det lett å slå fast kva folk seier og skriv om slike stader, men ikkje alltid. Det er ganske vanleg å finne ulike variantar i skrift og tale. Her er det utfordringar i fleng. Me har henta eit uttrykk frå Bibelen som handlar om å svelge kamelar. I det ligg det at ein må gå med på noko ein eigentleg ikkje er samd i, og som ein motvillig må finne seg i. Særleg om ein må gi opp ein kjepphest. Det kan kjennest tungt.

Stadnamnarven

Som eit døme kan me sjå litt nærare på eit lokalt stadnamn som er i vinden. Me tar turen til Isfjorden og tuslar opp til Venjesdalen. Eller heiter det Vengesdalen? Kan hende Venjedalen eller Vengedalen? Det kjem an på, for å seie det slik. Men kva er det rette namnet? Me tar ein liten omveg.

Stadnamna har fleire funksjonar. Dei skal vise kvar me bur, kvar me har tenkt oss eller har vore, og ikkje minst er namna kulturbærarar. Stadnamn er kulturminne, og difor er dei verdfulle lokalhistoriske kilder. Dei kan gi interessante opplysningar om språk, bosetting, arbeidsliv, gudedyrking med meire. Styresmaktene ønskjer å ta vare på denne stadnamnarven. Det vil vere til stor nytte mellom anna når ein granskar kultur- og bosettingshistorie.

Lokal uttale skal ligge til grunn

Lov om stadnamn ligg til grunn når ein skal fastsetje skrivemåten og bruken av stadnamn. Mynde til å avgjere slike saker er lagt til Statens kartverk. Dei skrivemåtane som kartverket vedtek, skal nyttast av det offentlege. Kartverket grip ikkje namn ut av det blå. Før ein gjer vedtak skal alle aktuelle partar bli høyrt, og Språkrådet skal få uttale seg. Den 12.mars 1996 gjorde kartverket vedtak om at Venjesdalen er den rette skrivemåten. Hovudregelen  seier at det er den lokale uttalen som skal ligge til grunn for fastsetjing av skrivemåten. Og då stikk me handa i vepsebolet, for kva er den lokale uttalen? Me tar ein liten omveg til.

Endring er det einaste konstante

Språket endrar seg. Det kan kjennest smerteleg, slik det ofte er når noko vert annleis. Talemålet vert stadig meir normalisert, og det er fleire grunnar til det. Det er meir skolegang, det er påverknad frå alle slags media, folk flyttar meir enn før og lokalsamfunna er ikkje så homogene som tidlegare. I indre Romsdal er det framleis skilnad på dialektane, men tidlegare var det lettare å høyre forskjell på dei. Både ordval og tonefall fortalde kvar vedkomande høyrde til. Endringane kjem sjeldan buldrande som eit snøskred. Det skjer mest i det stille, lågmælt som ein mild sønnavind. Gamle og innarbeidde ord og uttrykk og bøyingsmåtar flyg bort med vinden. Me endrar ikkje med vitande og vilje. I alle fall ikkje med vond vilje.

Kva seier folk?

Kasusforma dativ har vore eit særtrekk ved romsdalsmålføret. No er ho på vikande front. Den som brukar dativ er truleg konfirmert for ein god del år sidan. For å ta eit døme: “Isfjorden e ei fager bygd, og me e heldige so bur i Isfjorda”. Preposisjonen i styrer dativ, og det kjem til uttrykk i bøyinga. Isfjorden er eit gamalt fjordnamn som alltid har vore skrive slik, men uttalen har endra seg over tid. Går vi nokre generasjonar attande, var det ikkje uvanleg å seie Issjor’n, der siste del av namnet vart uttalt som i fuglenamnet skjor. Det er det knapt nokon som seier i dag.

Men kva kallar folk den dalen som vi balar med? Kva er den lokale uttalen i dag? Eg har gjort ei lita undersøking blant innfødte isfjordingar. Det kan vere metodiske manglar. Svara frå informantane fordeler seg på fire variantar: Venjesdalen, Vengesdalen, Venjedalen og Vengedalen. Ein tendens i materialet er at dei eldste respondentane i hovudsak seier Venjesdalen eller Vengesdalen. Dei yngre hamnar stort sett i Venjedalen eller Vengedalen. Den lokale uttalen er altså langt frå eintydig. Men eit frampek er at Vengedalen kan bli dominerande etter som tida går.

Kva skriv folk?

Korleis er det med skrivemåten? Informantane mine skriv helst Vengedalen, nokre skriv Venjedalen. Eg har sjølv ved somme høve skrive Vengesdalen, fordi det er slik eg seier det. Me har fleire bygdesongar som omtalar dalen, og det kan vere interessant å sjå på skrivemåten som diktarane nyttar. “Minner fra Vengedal” er skriven av Bjarne L.Tokle. Han nyttar bokmål. “Under Vengetind” er skriven av Tryggve Bjerkreim, og teksten er på nynorsk. Gudrun Tokle står for “Isfjordsong. Drøymande ligg du”, i Kari Unhjem si omskriving. Den er også på nynorsk, og ho skriv Vengesdalen. Gudmund Hovdenak sin song heiter “Vår i Venjedala”, og er skriven på dialekt. Som vi ser så sprikar det også blant diktarane: Venge, Venges, Venje.

Informasjonsskilt

Når me tar turen oppover, møter me eit skilt nedst i Junkerdalen som viser veg til Vengedalen. Ved vegbommen blir vi ønskt velkomen til Vengedalsvegen. På setra har Turistforeininga sett opp eit skilt som peikar mot Venjedalsbu. Men sjølve bua er skilta Venjesdalsbu. Så foreininga er ikkje heilt samd med seg sjølv. På parkeringsplassen og litt lenger framme er det informasjonstavler som Rauma kommune har sett opp. Dei ønskjer velkomen til Venjesdalen. Samla sett noko forvirrande.

Me likar det ikkje

 Kan ein få omgjort eit namnevedtak som ein ikkje er samd i? Og tener det i så fall til noko? Det forutset i det minste at det er lokal semje om kva som er rett uttale. Og det er det jo ikkje i dette tilfellet. Det hadde sjølvsagt vore ryddig om alle nytta same tale- og skrivemåte, men me må nok tåle mangfoldet. Det kan opplevast irriterande, for her triggar me kjensler. Og lover eller vedtak kan ikkje styre kjenslene våre. I møte med stadnamn som vert uttalt eller skrive annleis enn det me sjølv meiner er rett, får me heller svelge dei kamelane. Sjølv om det kan kjennest tungt. Og som nemnd: Stadnamn er kulturminne som bør takast vare på, sjølv om den lokale dialekta endrar seg over tid.

Slingsby Valley

Om me kan vere litt uhøgtidleg sånn avslutningsvis, så kunne det gått riktig ille med Venjesdalen. Det var ikkje uvanleg at dei første som klatra opp på eit fjell, eller sågar oppdaga eit kontinent, ga det eit namn. Sjølv om det hadde eit lokalt namn frå før. William Cecil Slingsby nådde toppen av Store Venjestind som førstemann i 1884. Store Vengjetind kalte han det, i respekt for den lokal uttalen. Men hadde han kalt det Mount Slingsby, kunne Venjesdalen blitt til Slingsby Valley. Det ville vore ein særs tung kamel å svelge.