Skrevet av ordførarkandidat Janne Søvik og David Grøvdal, 2. kandidat i Rauma Arbeiderparti

Rauma Arbeiderparti vil ha eit samfunn der alle skal ha like moglegheiter. Vi skal vere ein open, tolerant og inkluderande kommune. Vi meiner vidare at samfunnsutviklinga er god når vi har felles mål og tru på folka som bur her. Berekraftig og god utvikling handlar om å ta vare på behova for menneska både i dag og for dei framtidige generasjonane.

  • Oppvekst, barnehage og skule skal ha høg prioritet, alle barn og unge skal ha det trygt, dei skal ha ein meiningsfull kvardag med trygge vaksne rundt seg. Stabilitet og forutsigbarheit er viktige stikkord.

  • Vaksne skal ha arbeid, læreplassar eller anna aktivitet som gir god livskvalitet og god helse. Heile og faste stillingar skal vere det ordinære og trepartssamarbeidet mellom næringsliv, arbeidar og det offentlege skal fortsatt vere bærebjelken.

  • Kommunens Boligsosiale handlingsplan gir god informasjon om kva boligtilbod som er viktig å få på plass. Her er arbeidet alt i gang med planlegging av ulike typar boligar til dei ulike behov.

  • Rauma Arbeiderparti har programfesta at vi skal ha ein eldrevennleg kommune. Eldre skal ha ein verdig og meiningsfull alderdom. Hjelp og omsorg frå det offentleg skal vere lett tilgjengeleg straks det er behov for det.

  • For næringslivet vårt er E136 den viktige transportåra i tillegg til Raumabanen. Her må vi bruke alle moglegheiter til å påverke sentrale myndigheiter til fortgang i arbeidet med rehabilitering og oppgradering. 20 år med venting er lenge nok! Rauma kommune skal kunne tilby lett tilgjengelege næringsareal til ei kvar tid.

  • Kultur, idrett og frivillig arbeid gir glede og livskvalitet. Dette skal vi støtte opp om og vere med å utvikle vidare. Ny svømmehall er etterlengta og vil bli ei prioritert sak framover. Rauma Arbeiderparti har heller ikkje gitt opp håpet om ungdomskafé i sentrum som vi foreslo i 2021.

  • Mangfald og samarbeid er avgjerande element i alt politisk arbeid for å få til den beste utviklinga i kommunen vår.