Skrevet av Jan Peter Valde, Rauma Senterparti.

I avisinnlegg den 22. 06 2023 kjem Rauma Høgre v/Gaute Grøtta Grav med eit forslag om å bruke konsesjonskraft på ein slik måte at innbyggjarane i Rauma får billig straum. I tillegg skal Rauma Kommune få nærmest gratis straum til eigne bygg og lys langs vegar dersom Høgre får ordføraren. Ein får håpe at Høgre sin ordførarkandidat har rekna ut kva ei slik ordning vil koste.

Det er rett at Rauma Kommune mottar omlag 40 GWh i konsesjonskraft. Forbruket i husholdningane i Rauma er imidlertid på 55 GWh. Forbruket i kommunale bygg er på ca 10 GWh. Kvar, og til kva for pris vil Høgre skaffe dei 25 GWh som manglar i reknestykket?

Konsesjonskrafta må takast ut etter ein viss profil med noko meir uttak om vinteren enn om sommaren. Husholdningane følgjer ikkje alltid denne profilen, men har vanlegvis ein profil med større svingningar og meir forbruk vinterstid. Kva vil Rauma Høgre gjere i dei periodane forbruket av straum er vesentleg høgare enn tilgangen på konsesjonskraft? Har Rauma Høgre gjort seg nokre tankar om kor store administrasjonskostnader ei slik ordning vil medføre?

Når vart straum gratis? Faktum er at Rauma kommune har fått stor avkastning på salget av konsesjonskraft gjennom mange år. Grøtta Grav nemner berre dei få åra med straumkrise der systemprisen, som prissikringane historisk sett har vore bunde opp mot, gjekk svært lang over prisane i vårt område. Dermed vart tapet stort både for kraftselskapet og for Rauma Kommune. Det er all grunn til å tru at salget av konsesjonskraft vil gje gode avkastingar i framtida. Grunnen til at konsesjonskrafta eventuelt skulle gje lite avkastning er om straumprisane blir vedvarande låge, men då vil straumprisane være låge for alle og Rauma Høgre sitt forslag vil være utan verdi for kundane.

Litt under halvparten av Rauma Energi sine kundar bur i Rauma. Med Rauma Høgre sitt forslag vil derfor Rauma Energi tape nesten halvparten av kundane sine. Korleis skal dette dekkast inn? Kva tap vil dette medføre for det kommunalt eigde energiselskapet? Mindre inntekter til Rauma Energi betyr mindre inntekter til Rauma Kommune.

Men viktigast av alt: Staten gir straumstøtte til husholdningane. Denne straumstøtta gjorde at det vart mindre svingingar på straumrekningane sist vinter. Denne ordninga er under revisjon, og eg er rimeleg sikker på at den vil ha god effekt på utgiftene til husholdningane neste gong straumprisane blir høge. I staden for å vidareføre denne ordninga foreslår Rauma Høgre at kommunen skal overta staten si straumstøtteordning.

Det vil være unødvendig å bruke sårt tiltrengte kommunale midlar på ei kostbar lokal straumstøtteordning når staten kan gjere det heilt gratis for oss.

Sjølv vil eg heller påverke regjeringa til å gjere staten si straumstøtteordning enda betre enn ho er i dag.