I kommande møte i Rauma viltnemnd skal politikarane vurdere minstearealet for felling av hjort i kommunen. I den samanhengen er det lagt ved ein tabell som syner utviklinga på fellingar i samband med jakta.

Så langt er det rapportert om 437 felte dyr i samband med fjoråret si storviltjakt. Då manglar ein rapportar frå valda Eid/Ytre Skorgen, Vermedalen jaktområde og Voll i Måndalen.

Men sjølv om dei tre valda skulle ha oppnådd like mange fellingar som i 2011, 33 dyr, vil ein ikkje i fjorårets hjortejakt kome opp i meir enn 470 felte hjortar. Det vil i så fall vere 65 færre enn i 2011 – 152 færre enn i toppåret 2009.

Eitt vald hadde full utteljing under fjoråret si hjortejakt. Lerheim fekk tildelt 4 løyver og det vart felt 4 dyr.

Nedgang

Dei fleste jaktvalda i kommunen kan melde om ein nedgang i fellingsprosenten. Ta berre det som ein gong var spesielt hjorterike områder. Hatle/Norvik, Hamre/Haukeberg – begge valda i Eidsbygda. Dei kan begge vise til ein betydeleg nedgang i fellingsprosenten. Hatle/Norvik har gått frå ei utteljing på 114 prosent i 2010 til 57 prosent i 2012. På Hamre/Haukeberg har situasjonen endra seg endå meir dramatisk. 73 prosent utteljing i 2010 vart i fjor redusert til 27 prosent.

For Rødvendalen; på samme halvøya, er utviklinga litt ansleis. Dei siste tre åra har fellingsprosenten ligge på mellom 73 og 80 prosent.

Også på Vågstranda opplever dei nedgang i utteljinga – frå 84 prosent i 2010 til 56 prosent i fjor.

I dag er det Hatle/Norvik og Hamre/Haukeberg som har det faktisk sett lågaste minstearealet for tildeling av dyr. I 2012 var minstearealet per dyr 150 dekar.

I forslag til vedtak blir det lagt opp til auka minsteareal i dei fleste jaktvalda. Berre Innfjorden og Mittetdalen blir det lagt opp til uendra krav til minsteareal – 700 dekar – og i øvre deler av Romsdalen – 3000 dekar.

For Isterdalen og Romsdalen til og med Medalen er det forslag om ei dobling av minstearealet – frå 500 til 1000 dekar.

Forslaget skal no ut på høyring før viltnemnda skal gjere endeleg vedtak i god tid før komande hjortejakt tek til.