Ekstremveko på Voss har sendt ut ei pressemelding:

38 basehopparar deltok då Ekstremsportveko var vertsskap for World wingsuit league-kvalifiseringsrunda fredag. Her blei det konkurrert om 16 plassar til Grand-prix finalerundene i Kina, der dei skal kåre verdas raskaste vingedraktpilot.

Dei fire beste utøvarane frå Grand Prixen i fjor, Jonathan Flores, Julian Boule, Noah Bahnson og Espen Fadnes (Vekoambassadør og busatt på Voss), var allereie førehåndskvalifiserte til årets China Grand Prix, men reglane krevde at dei deltok på kvalifiseringa på Voss saman med dei andre deltakarane uansett.

– Når eg ser alle dei dyktige pilotane som ikkje går vidare, skjønar eg kor innmari høgt nivået på dei 16 som er komne til finalen er, fortel Fadnes etter kvalifiseringa.

– Eg anser likevel mine eigne sjanser til å vinne heile konkurranse som betre enn nokon gong. Eg har tidlegare hamna på både andre og tredje, så eg manglar kun førsteplassen, seier han.

Etter gårsdagens kvalifisering endte Fadnes på ein fjerdeplass. Han fortel at løypa i Gudvangen eigentleg passar best for dei med tung kroppsbygning, men at han er nøgd med resultatet.

– Eg har ikkje så tung kroppsbygning, men klarte likevel å halde folge med resten og enda med eit bra resultat. Det lovar bra. Løypa i Kina er ikkje like bratt, og passar min fysikk betre, seier han.

Andre kjende nordmenn som var med på kvalifiseringa til China Grand Prix var Jokke Sommer og Tom Erik Heimen. Dei kvalifiserte seg desverre ikkje.

På grunn av dårleg sikt og ein uoversiktleg vêrsituasjon blei basehoppinga flytta frå onsdag til fredag morgon. Vêret var betrakteleg betre denne dagen, og utøvarane hadde alle forutstningar til å gjere det bra.