Styreleiar Ingrid Hunnes i Rødven handelsforening seier dei har venta i spaning på dei økonomiske resultata for butikken i Rødven no etter sommaren. Det er nemleg somrane som har vist seg å vere berginga for butikken som slit med for lave omsetningstal.

– Turistane og hyttefolket er heilt avgjerande for oss, seier Ingrid Hunnes og fortel at tala no viser at dei skal kunne kome ut med pluss også i år, sjølv om ikkje føresette lønsutgifter i sommar, har redusert overskotet ein del.

– Lojale bygdefolk er og svært viktig og det er mange som gjer heile handelen sin lokalt. Mange kjøper og det meste, men ikkje alt, seier Ingrid og legg til at dette og er svært viktig om hjula skal gå rundt.

– Vi er i alle fall veldig glad for all den handel og støtte vi kan få. Vi er Norges eldste handelslag i drift. Rødven handelsforening vart stifta i 1869, seier Ingrid Hunnes.