Formannskapet gjekk inn for å bevilge ein million kroner for på den måten sikre at den legevaktordninga vi har ikkje skal ramle saman – men gjere det attraktivt for legar å delta i den ordninga vi har.

Som Åndalsnes Avis skreiv ved to høve tidlegare i januar månad, sto legevakttenesta i ferd med å rakne. Med legar, som vart betalt med ei grunnløn på 82 kroner timen for nattearbeid, var det lite attraktivt å delta i ordninga.

No blir timeløna toppa med 300 kroner. Det gjer at det skal vere lettare å bemanne ordninga – både med legar som har avtale med kommunen og eventuelle legar som kan tenkje seg berre å arbeide vakt.

Inndekning

Auken i budsjettet vart dekt inn med 300.000 kroner i tilskot frå Helsedirektoratet og resterande 700.000 kroner i form av reduserte utgifter knytta til kvalifiseringsreformen.

Ordførar Lars Olav Hustad tok til orde for ei grei innstilling i ei sak dei måtte få orden på. Han tok like godt utgangspunkt i den legevaktsituasjonen dei opplever i Lesja kommune om dagen – der dei på grunn av ei interkommunal ordning må heilt til Otta for å kune oppsøkje lege utanom kontortid.

– Eg må faktisk seie det så sterkt at eg er sjeleglad for å bu i Rauma når eg ser tilhøva innbyggarane i Lesja må halde seg til, sa ordføraren.

Mykje i potten

Arne Hoem tok under møtet i formannskapet opp det at kommunen held hus og kontorpersonale til legane i Rauma – om dette ville bli eit diskusjonstema når ny legeavtale skal signerast.

Assisterande rådmann Perry Ulvestad forklarte at legeavtalen skal opp til ny behandling i år. Kommunen stiller hus og tilsette; ja. Legevakta er eit heilkommunalt ansvar; ja. Han vedgår at reknestykket er ei komplisert sak. Men i sum utgjer alle eventuelle «tilleggsgoder» det kommunen legg ned av ressursar for å gje befolkninga ei god legeteneste – gjere Rauma så attraktiv at legar i det heile tatt finn det interessant å komme til kommunen, ha praksisen sin i kommunen.

Må komme ut

Arne Steffen Lillehagen meiner det er viktig at dette kjem ut til innbyggarane i kommunen – kva som verkeleg blir lagt i potten for at Rauma skal ha ei god legeteneste – ei god legevaktteneste.

– Det er viktig å sjå kva Rauma legg igjen av ressursar for å kunne gje innbyggarane ei god legeteneste, sa Lillehagen.

Dette var konklusjonen hans etter å ha komme inn på eit tema knytt til økonomiske bevilgningar.

– I utgangspunktet kan det sjå noko uryddig ut. Det er ei blanding av økonomi som kan synest uklart – på ein måte å drive ein butikk i butikken. Det kunne ha vore rydda opp på det feltet, sa Lillehagen.

Kvalitet kostar

Marit Nauste påpeika at vi aldri må gløyme at Rauma ikkje er verdas navle – sjøl om det i ein del samanhengar kan synest slik. At det med bakgrunn i det kan vere vanskar å få legar til Rauma.

– Og kvalitet kostar pengar, slo Ap-politikaren fast.

Arne Hoem var oppteken av om forslaget til ny legeavtale skulle politisk behandlast eller om det kom som «referatsak», som han sa det.

Svaret frå rådmann Oddbjørn Vassli var at; ja, politikarane fekk forslaget til vedtak på bordet før den vart signert.

– Politikarane vil, som i mange andre saker, kunne seie eit nei eller ja til ein ny avtale, påpeika rådmannen.