Medhald i klage. Kommunestyret hadde ingen vanskar med å godta protesten frå Jernbaneverket over manglande avløpsplan for regulering av eit bustadfelt på Høljenes/Åndalsnes.

– Eg undrar meg på kvifor ei plan kan bli utsendt utan ei avløpsplan, sa Yvonne Wold som er fast leiar av fast utvalg for plan og forvaltning. – Få spørsmåla på førehand, så kan vi gje svar, var det manglande svaret på spørsmålet frå ord- føraren. Politikarane oppheva sitt tidlegare vedtak. Tiltaks- havar må "trylle" fram ei teknisk plan for vatn og avløpshandtering som må vere godkjent av både kommunen og Jarnbaneverket. Sistnemnte instans meiner at grunneigar sin aktivitet i området kan ha betydelege konsekvensar for dei. Raumabanen sin eigar peikar spesielt på handtering av overvatn og transport av masser. Mellom anna har grunneigar kanalisert vatnet over i Jarnbaneverket sine stikkrenner. Dei manglar kapasitet for å ta unna vatn frå bustadfeltet.