Dette var kommunestyrepolitikar Janne Søvik Hovde (V) sin konklusjon og spørsmål då politikarane til slutt i kommunestyremøtet 12. februar fekk presentert undersøkinga av utviklingsarbeidet som er gjort i kommunen.

Det arbeidet som Nordveggen og kommunen har gjort er sett under lupa av Trøndelag Forskning og Utvikling i samarbeid med Asplan Viak. Eivind Vartdal Ryste, seksjonsleiar i regional og næringsavdelinga i Møre og Romsdal fylke, informerte om konklusjonen i undersøkinga. Og i etterkant kunne politikarane komme med sine kommentarar og/eller spørsmål.

Ei av dei som tok ordet var Janne Søvik Hovde. Ho tok utgangspunktet i kva som er viktig med tanke på å kunne få til ei god utvikling av kommunen.

– Media sin omtale er viktigast. Der nest kjem folka som bur i kommunen. Med positiv omtale er det enklare å få etterkommarar til å bli buande her.

Vi treng alle

Og Søvik Hovde la til at mellom dei som bur i Rauma er det også motorinteressert ungdom – ikkje berre folk som ønskjer å gå på fjelltoppar; vandre i naturen.

– Når eg høyrer frå ungdomshald at Rauma er verdas verste kommune for motorglade folk, så blir eg betenkt, sa venstrepolitikaren.

– Og kva er betre med folk som går i fjellet enn dei som "mekkar". Vi treng dei alle, la ho til.

Ingen dårleg jobb

Ho vil ikkje hevde at Nordveggen gjer ein dårleg jobb; tvert om. Men om ho skulle ha bygd seg eit hus og hadde behov for ei tomt, ville ho ha vendt seg til kommunen – ikkje til Nordveggen. Slik ho ser det bør kommunen ha ein naturleg plass i utviklingsarbeidet.

David Grøvdal (Ap) var delvis samd i Søvik Hovde sitt utspel.

– Eit omfattande slagord for ein liten kommune, meinte Grøvdal som presiserte kor viktig det er å hugse også dei som ikkje når fjelltoppane i kommunen – ja til og med sørge for at dei kjem seg til topps utan å bruke beina.

Avstemming. Dette bildet er henta frå ordførarstemmeteljinga i september i 2011. På siste kommunestyremøtet kom nokre av dei fem politikarane med uttale til utviklingsarbeidet i Rauma kommune. På bildet frå venstre ordførar Lars Olav Hustad, varaordførar Oddbjørn Wærås, Arne Hop som har vorte styreleiar i Rauma Energi AS, Yvonne Wold som er leiar i utvalg for plan og forvaltning samt Janne Søvik Hovde. Sistnemnte tok til orde for kor viktig det er at alle innbyggarane i kommunen føler seg heime i slagord og visjonar. Foto: Øystein Talberg