– Vi kjem til å ha opptak for elevane like over nyttår, seier styreleiar for privatskulen i Innfjorden, Elisabeth Vik Slettaløkken.

Etter det dei veit vil nesten 100 prosent av elevane i bygda bli søkt inn i den private skulen. Det vil bety 32–33 elevar frå skulestart til hausten, men skolen er open for å ta imot elevar også frå andre plassar.

Kjøp

– Bygda skal kjøpe skulen frå kommunen. Vi skal ha eit større arrangement der vi inviterer til å bli med på eit spleiselag og vi vil opprette eit eigedomsselskap, seier Endre Engen som er representant i styret og som har jobba lenge med privatskuleplanene. Prisen? Den vil ingen ut med.

Tilsetjingar

Når det gjelder lærere er det uklart hvor mange av dagens ansatte ved Innfjorden som følger med videre. Om ikkje lenge skal dei ut å skaffe lærarar til neste skuleår.

– Vi er opptekne av kompetanse og at vi får tak i dyktige folk. Vi vil ha eit sterkt kompetansemiljø, seier Slettaløkken. Lønn? – Vi kan i alle fall ikkje betale dårlegare enn den offentlege skulen. På spørsmål om det er aktuelt med egenbetaling for elevane ved Innfjorden friskule, vil ikke Endre Engen vere konkret. Han seier berre at det er lagt inn i budsjettet, men ikkje sikkert det blir innført. Søsken vil eventuelt få søskenmoderasjon.

Hjelp

I arbeidet med planane så langt har innfjordingane henta god hjelp frå erfaringane dei har gjort ved Vike friskule på Vikebukt. Den skulen har i dag 48 elevar og har eksistert i mange år.

– Dei har vore til god hjelp og målet er å unngå fallgruver som vi lett kunne ha falle i, seier Endre Engen.

Skolen i Innfjorden har godkjenning på drift med opp til 70 elevar. Det er ingen planer om å drive ungdomsskule.

Endre Engen og Elisabeth Vik Slettaløkken er einige om at dei går både spanande tider og eit spanande arbeid i møte. Dei skryt begge av samarbeidet dei har hatt med den politiske leiinga i kommunen med tanke på å finne fram til ei løysing på utfordringane. Og arbeidet som no bli gjort og skal gjerast framover, blir gjort 100 prosent på dugnad.