– Eg håpar og trur at eg kanskje kan berge fire fem sauer på dette, seier Runar Slinde i Eidsbygda. Småbrukaren som har drive med sau i mange år, har berre 15 mål slåttemark på småbruket, men fortel at han kan takka sjenerøse og samarbeidsvillige naboar for lån og bruk av små jordteigar både her og der i nabolaget.

Men i år har det blitt for lite for alle. Tørke har skapt ny kamp om jorda og no står Runar ansikt til ansikt med akutt mangel både på vinterfôr og beite. Han har på toppen av det heile «støvsugd» rundballemarknaden og har konkludert med at det ikkje finst for å oppdrive. Konklusjon: Han må slakte store delar av buskapen som består av villsauer og ein del kvitsau.

_ Eg synest det er trist. Eg har no brukt ti år på å bygge opp denne buskapen og har fått fram gode morsdyr. Eg er rett og slett lei meg for å måtte slakte dei eller selje dei som livdyr, men slik er det, seier Runar med kraftfull dialekt frå indre Sogn. Det er der han budde før han kom til Eidsbygda for vel ti år sidan.

Fram til no har Runar hogd rundt 50 lauvkjerv som er hengt opp til tørk i låve og uthus. Han seier han vil hogge fleire så sant han får plass til å tørke. Runar meiner den gamle tradisjonen med å hogge lauvkjerv gir minst to gevinstar. For det første blir det populær mat til sauene og for det andre får han rydda i beiter som elles er i ferd med å gro att med skog. Den einaste ulempa er at det er både arbeidskrevjande og slitsamt. Det han no har hogd er for det meste hassel, bjørk og ask.

Alternativet

Lauvhogsten har no altså blitt alternativet til å slakte endå fleire dyr for Runar Slinde. Han seier han har vore inne på tanken om å slakte alle dyra og slutte med heile hobbyen som dette sauehaldet er, men er så glad i dyra sine og så glad i dette arbeidet at han helst vil halde fram. Han viser og til at sauene er svært effektive landskapspleiarar og at fleire av den grunn burde ha hatt ein flokk med beitedyr.

– Eg slår nå dessutan berre halve plena i høve til i fjor. Det blir og litt mat til dyra, seier Runar før han legg til at han ventar til hausten med å avgjere kor mange dyr han kjem til å slakte. Dei vil framleis finne mat i skogen i nokre veker framover.

Historisk

Konservator Mads Langnes ved Romsdalsmuseet fortel at lauvkjervet gjekk ut av vanleg bruk på gardane for to generasjonar sidan. Tidlegare vart det mykje brukt som tilleggsfor og lauvkjerv kunne kome godt til nytte om det vart vårknipe og formangel ut på våren ein gong. Lauv er mat sauer gjerne ser etter og ofte prioriterer å ete som supplement til graset om det ligg til rette for det. Mads Langnes fortel at den bygda der lauvet har vore mest brukt i Romsdalen er i Eikesdalen, der alm vart mykje nytta som for. I Rauma viser Langnes til ei historie frå Rødven.

– Då det vart sett opp bytebrev mellom gardane Dalset og Hammervoll i 1834 vart det avgjort at «Hammervolds Oppsider» skulle ha lov til å ta «Almebark i Hungersnød» på Dalsets grunn.