I samband med ombygginga i Rauma rådhus, har også kommunestyresalen gjennomgått ei ansiktsløfting. Mørke tepper er bytta ut med lys parkett. Mørke gardiner er bytta ut med fri utsikt – og innsikt. I det heile tatt viser salen seg fram frå ei langt lysare side. Karsten Aak (Ap) hadde merka seg nyvinninga og hadde følgjande kommentar. – Aak har fått ord på seg å vere sneversynt frå tid til anna. I tillegg er han også svaksynt. Og eg har merka meg at vegen til talarstolen manglar ledelinje og trappa til talarstolen har trinn. Så heilt i tråd med universell utforming er det no ikkje, sa Aak med smilet på lur. Framleis eit forbedringspotensial med andre ord.