Skrevet av Torbjørn Bruaset

Dei eldre brørne mine reiste ut for å studere. Eg fekk rolla til Espen Askeladd og bli værende heime for å hjelpe til, og etter kort tid ta over ansvaret for småbruket med 25 da. dyrka jord, og elendige hus både for folk og dyr.

Interessa  mi for jordbruk, sau og ku, trumfa fornuften og eg sette i gang med oppdyrking av steinfull og vasssjuk jord.

Rauma kommune hadde den tida to herredsagronomar då kommunen var eitt resultat av samanslång av fleire mindre kommunar, Og vi hadde ein svært klok og hjelpsom skogbrukssjef. Desse tre gjorde alt dei kunne for å hjelpe meg på alle vis. Dei tøyde heile tida regelverk og tilskuddsordningar til min fordel. Og dei laga planer for dyrking, planting, vegbygging og ny driftsbygning. Men økonomien var likevel så vanskeleg at det ikkje gjekk så raskt med alt eg gjerne ville gjennomføre.

For nøyaktig femti år sidan var eg kome så langt at eg endeleg kunne starte bygging av driftsbygning. Gjennom Landbruksbanken hadde eg fått lånt 91 000,- kr. til ei rente på 13 %. Og traktoren som var kjøpt for knapt 10 000 vart skifta ut med ein som kosta nesten 20 000,- Ein heilt ny MF 135 kosta 28 000,- så eg måtte kjøpe ein brukt.

Eg gjorde mykje av byggearbeidet sjølv, så det var først den 31 august 1976 ar dei første dyra kunne flytte inn. Dette var ein stor dag for meg. Den 31 oktober 2023 reiste siste dyra til slakteriet. Denne dagen var i beste fall vemodig og trist.

Lamminga var i mange år «vårens vakreste eventyr» for meg. Men dette eventyret er blitt meir og meir erstatta av bøndene sine årlige demonstrasjonar. Og eg støttar krava om meir likestilling med andre grupper. Men eg vil advare mot å gå alt for langt i kritikk og krav. Kanskje bør enkelte gå ei ekstra runde eller to, rundt eigne driftsbygg og sjå over redskapsparken som er parkert der., og nesten aldri er i bruk. Traktorane som blir brukt til demostrasjonar blir større og blankare for kvart år.

Ja i forhold til det eg måtte klare meg med er det god grunn for å kalle dette eit eventyr.

Eg les berre sporadisk Bondebladet for eg melde meg ut for mange år sidan. Men eg har fått med meg at i mange av fylkesårsmøta i Bondelaget har det vore store personkonflikter. Og Bondelaget har sjølv eitt ansvar for dagens situasjon ved all støtta dei gav til FRP sine omlegginger  av landbrukspolitikken for 10 år sidan.

Å rette opp all skaden som Listhaug & co påførte distriktslandbruket er ikkje råd. Og bøndene som stadig vil bli større bør slutte å klage over mykje arbeid.

Mi reise gjennom dei siste 50 åra har bydd på mange nedturar, men også oppturar. I juni 1982 var eg nesten ferdig med største dyrkingsfeltet mitt og eg såg fram til å få ut tilskuddet. Så etter fjøsstellet ein fin junikveld reiste eg fam på åkeren for å plukke slutte av steinen. Etter ei stund kom mor mi for å hjelpe meg, og vi gjekk å plukka stein til klokka bikka midnatt. Då kom ein nabo som hadde teke seg ein liten rangel, og då han såg oss så ropa han frå vegen: « Nei Torbjørn, no får du jag.. gi deg». Og det gjorde vi.

Lånet til Landbruksbanken betalte eg tilbake før det var gått ti år. Seinare har eg aldri lånt pengar, men eg har klart å utvide driftsbygningen to gonger, bygd meg hytte på fjellet og på 75 årsdagen min flytta kona og eg inn i ny einebustad. Innimellom har eg også hjelpt barna mine.

Frå kufjøset med 10 – 12 kyr leverte eg 8 seminoksar i løpet av like mange år, og eg leverte også årets beste vær rundt 1990.

Men tur til syden vart det aldri, og vedk. som brukar å dele ut gullklokke etter 30 år har ikkje funne vegen hit.