Kommunen sin administrasjon er delt inn i einingar – driftseiningar kvar einskilt har ansvar for sitt budsjett.

Ei av desse einingane har ansvaret for politisk styring. I fjor var dette ei av dei som ikkje makta å halde budsjett. Og i 2013 var kursen uendra, inneverande år ville bety nok ein budsjettsprekk om ikkje noko vart gjort.

No skal formannskapet ta stilling til fleire endringar. Rådmannen kjem mellom anna med forslag om å kutte ned talet møter. Formannskapsmøta 9. april, 21. mai, 6. august, 17. september og 29. oktober i år kan, slik rådmannen ser det, takast ut.

Det same gjeld to kommunestyremøter – 3. september og 7. mai.

I tillegg kjem det forslag om å legge ned utval. Dette gjeld finansutvalet, fast komite for utredningar, adminmistrasjonsnemnd og kommunen si klagenemnd.

Møter spart

Det er også forslag om å yte dei politisk folkevalte kun ei godgjering om det skulle vere fleire politiske møter samme dag.

I sum skal dette få eininga inn på rett økonomisk kurs.

Samtlige einingar unnateke dei innan helse og omsorg fekk redusert rammene sine med 10 prosent i budsjettet for 2013. Det gjer at inneverande år blir spesielt utfordrande, økonomisk sett.

Pengar spart

Rådmannen ønskjer å redusere møteverksemda. Men er det så mykje å spare på det?

Han påpeikar at ein reduksjon på to kommunestyremøter, til dømes, utgjer åleine ei innsparing på rundt 100.000 kroner.

Rådmannen påpeikar at innsparing i storleik fem formannskapsmøte utgjer åleine ingen stor sparegevinst. Men saman med tiltak om å minusere andre utvalg, kan det utgjer ei samla innsparing på rundt 150.000 kroner.

Formannskapet skal ta stilling til forslaget i møte 5. mars.