Dei som kjører ofte mellom Åndalsnes og Markaneset på FV 64 kan begynne å sjå fram til våren eller sommaren.
Statens vegvesen har nemleg bestemt seg for at det skal bli ny asfalt frå Nebbetunnelen til Markaneset når dagane blir lysare til våren.
– Ja, dette er vel ei strekning på rundt 11 kilometer, seier Per Brandli i Vegvesenet og legg ikkje skjul på at dette er ei strekning som har fått stor slitasje og til dels djupe hjulspor dei siste åra.
Når det gjeld andre strekningar i Rauma, kan han røpe at det vil bli asfalt ein del i mittetområdet, både på FV 660 mot Nesset grense og på vegen opp til Dale på Mittet.Og om det blir endå meir? Det veit ikkje Per Brandli på det noverande tidspunkt.