Rauma Energi AS er hundre prosent eigd av kommunen. I dag betaler selskapet ei årleg konsesjonsavgift til kommunen for kraftproduksjonen på Verma.

No er det snakk om at betaling av konsesjonsavgifta kan få tilbakeverkande kraft. Om så blir tilfelle kan Rauma Energi AS måtte betale avgift til Rauma kommune så langt tilbake som i 2004. Dette var året då kraftselskapet fekk erverv av rettigheitene til å produsere kraft frå vatnet i Vermåa.

Komande tirsdag skal formannskapet i kommunen og styret i Rauma Energi AS ha eit møte med Landssamanslutninga for Vasskraftkommunar (LVK) der også Rauma er medlem.

– Møtet er eit seminar – ei form for kursing av styre og politikarane i formannskapet; mellom anna for å sette seg inn i dette med konsesjonsavgift og andre spørsmål knytta til vasskraft, fortel rådmann Oddbjørn Vassli.

– Vil også saka der Rauma Energi AS vart pålagt ekstraskatt i samband med det ansvarlege lånet dei har i kommunen, vere eit tema på møtet?

– Det er ikkje lagt opp til det. Rauma Energi AS har påklaga vedtaket som Sentralskattekontoret har gjort. Det er dei som styrer den saka, seier rådmannen.

Diskusjonen på møtet vil difor for ein stor del stå i om kommunen skal krevje konsesjonsavgift med tilbakeverkande kraft frå selskapet dei er eigar av – kva slags strategi kommunen i så fall skal legge opp til.

Rådmannen vil ikkje uttale seg om kva slags pengesummar ein i så fall snakkar om. Men at det er snakk om summar i fleiremillionarklassen, er det ingen tvil om.

Øystein Talberg

oystein.talberg[AT]andalsnes-avis.no

Telefon: 91 190 213