– Vi har kasta minustala på båten, bokstaveleg talt. No går bedrifta så det susar, konstaterte styreleiar Arne Hoem då generalforsamlinga vart avvikla sist tirsdag.

Ros til tilsette

Han rosa både dagleg leiar Sigbjørn Fagerlid og dei tilsette for måten arbeidsmarknadsbedrifta står fram på.

I 2004 gjekk Troll-Tinn AS med over 4 millionar kroner i underskot; og i 2005 trekte styret seg. Mellom anna hadde eit båtprosjekt tappa bedrifta for både kapital og plussgjevande driftstal. I 2012 hadde det kommunalt eigde aksjeselskapet ei omsetning på 16 millionar kroner. Dei sat igjen med eit driftsoverskot på 680.464 kroner. Etter at finanspostar er teke med i reknskapen er det ein pluss på botnlinja tilsvarande 627.430 kroner.

– Det skjer mykje positivt. Styret, leiing og tilsette har jobba seriøst for å få drifta på rett kjøl. Og det er ei fin utvikling i selskapet, sa revisor Endre Engen under generalforsamlinga.

Nedbetaling

Men framleis slit Troll-Tinn AS med det store underskotet dei hadde i tidsrommet før 2005. Dei slit i betydning av at dei må nytte overskotet til å betale ned på gamal gjeld.

I tillegg til god drift, gjer selskapet sitt beste for å betre dei fysiske forholda i bygget i Strandgata. Nytt ventilasjonsanlegg er ferdig montert i ein etasje.

– Vi skal også gjere om inngangspartiet slik at det tilfredsstiller kravet om universell utforming, forklarar dagleg leiar Sigbjørn Fagerlid. Og styreleiar Hoem påpeikar at Troll-Tinn AS opplever ei tid der rammevilkåra er i stadig endring.

Mange oppgåver

Bedrifta hadde i 2012, 34 ordinære tilsette som utgjorde 22 årsverk. I tillegg til å drive som attførings- og kvalifiseringsverksemd, har dei eigen fysisk produksjon.

Troll-Tinn er kjent for sine kvalitetsprodukt i tinn; derav namnet.

– Vi er også stor innan profilering; har moderne utstyr til dette arbeidet, forklarar Fagerlid.

Dei driv med leigeproduksjon, driv kantina i Rauma Rådhus og driv sist men ikkje minst, sin eigen gavebutikk som no er lokalisert til bygget i Strandgata. No skal det også vere nye ting på gang. I 2005 trekte styret i Troll-Tinn AS seg. Tirsdag var det ein styrerepresentant på val; nestleiar Eva Karin Gråberg. Ho takka ja til attval av formannskapet som er identisk med generalforsamlinga.

– Eit gjevande styreverv, var Gråberg sin konklusjon.