Sidan saka om sprekk i budsjettet for eininga politisk styring kom på bordet, har det vore mange forslag for å redusere utgiftene. Møtestart etter arbeidstid, reduksjon i møter og avvikling av utvalg er av tiltaka som er skissert.

Men då kommunestyret skulle ta endeleg avgjerd sist tirsdag, vart det fleirtal imot alle forslag unnateke det å avvente ei justering av budsjettet slik at det harmonerer med utgiftene.

Fem møter i formannskapet og to i kommunestyret var skissert å skulle gå ut i inneverande år. Men med 19 mot sju stemmer vart det nedstemt. Det same gjaldt eit forslag om å samordne eventuelle generalforsamlingar i ulike kommunale selskap med formannskapsmøter. Heller ikkje det å halde kommunestyremøter klokka 16.00 i staden for klokka 14.00, vart det fleirtal for. Saman med forslag om at godtgjersler ikkje skal justerast i inneverande år var det 20 som stemte imot – berre seks for.

Fjorårssynder

Ein del av bakgrunnen for denne saka går attende til fjoråret. Då gjorde ekstraordinære utgifter at budsjettet for eininga sprakk.

– Ikkje rett at meirforbruket frå i fjor skal gå utover årets aktivitet, sa Oddbjørn Wærås.

Torbjørn Rødstøl og SP inntok ei meir forsonleg haldning – mellom anna ved forslag om å flytte møter og ta for seg andre sparetiltak.

Men Arne Steffen Lillehagen var ikkje samd. Han ønskte ikkje saka velkommen i det heile.

– Dette er prisen for å ha eit lokaldemokrati; ferdig med det, meinte Lillehagen.

I elitedivisjonen

Karsten Aak peika på at i underkant av 1 prosent av dei totale kommunale utgiftene går til politisk styring; ikkje urimeleg slik han ser det.

– Vi må sjå på kanaliseringa av midlar – la innbyggarane i kommunen få vite kva politisk styring av ein kommune kostar, sa Aak som meiner dette utgjer eit negativt trykk mot lokaldemokratiet han kan tenkje seg å vere utan.

– Her held me på krona og kostar tusenlappen, sa Arne Hoem som fremja forslaget om budsjettjustering som vart vedteke.

Arne Hop har sett på Kostra-tala og funne ut at Rauma er heilt i "elitedivisjonen" når det gjeld antall saker som går gjennom formannskapet. Heller ikkje han ser grunn til noko sparekampanje om ein samanliknar med andre kommunar.