...til at det blir starta opp med planprogram til ei reguleringsplan for Brude hyttefelt i Øverdalen.

Eit einstemmig utvalg gjekk inn for å gje klarsignal. Før arbeidet med planprogram kjem i gang, er det komne inn merknader. Både fylkesmannen i Møre og Romsdal og fylkeskommunen har lete høyre frå seg.

Ikkje uventa er det nærleiken til villreinen sitt leveområde det blir uttrykt skepsis til. Men det planlagte hyttefeltet ligg utanfor det biologiske leveområdet for reinen.

Om det likevel vil påverke reinen skal utredast i ei konsekvensutredning. Det er også påpeika at feltet kan påverke friluftslivet og landskapsområdet. No er planprogrammet justert i høve til merknadene – arbeidet kan starte.

Det er snakk om å legge ut maksimalt 32 hyttetomter i dette området som ligg inntil vegen til Sandgrovbotn – i lia ovanfor Brude i Øverdalen.