Ståle Sæterbø ser fram til ein regnvåt sommar. Kanskje har han ikkje så mange med seg på akkurat det, men faktum er i alle fall at Vermevatnet som er magasinet til Verma kraftstasjon no berre har 10 prosent vatn att til det kan karakteriserast som tomt.

Det er for så vidt ikkje unormalt på denne tida av året, men det er svært lite snø i fjellet, seier Sæterbø og fortel at snømengda i Vermedalen no berre er rundt 50 prosent av normalen.

– Dermed må vi ha mykje regn utover året, seier han og fortel at på grunn av mykje regn i fjor haust var vatnet fullt før vinteren. No er det altså tappa nesten heilt ned etter ein svært nedbørsfattig vinter.

– Kva med Innfjorden?

– Der er det og nesten tomt, men der blir det fullt igjen så snart smeltinga set inn. Det er nivået i Vermevatnet som betyr noko, slår Ståle Sæterbø fast.