Skrevet av Bjørn Morstøl

Kjell Magne Hagen har sagt sitt siste ord, etter ein skitur på fjellet, sikkert i det finaste terreng ein kan tenkje seg.

Eg hugsar særleg Kjell Magne Hagen frå den tida vi dreiv med friidrettsstemne på skuleplassen i Isfjorden, og då det ofte var opp til 40 deltakarar. Dessverre har fleire frå den gongen allereie sagt amen, tre ved ulykker og Kjell Magne sin ivrige konkurrent Odd Erling Flydahl etter sjukdom for nokre år sidan. Det var ein interessant og sympatisk flokk, som eg minnest med glede, og etter mitt syn som kanskje det mest interessante ved idretten i Isfjorden i det heile.

I det eg så lyser fred over Kjell Magne Hagen - og hans forne medkonkurrentar - sitt minne - let eg salig Bjørnstjerne Bjørnson, som var ein romsdaling så god som nokon, få dei siste orda:

Norge, Norge

skibakkeløpets skinnende land,

(---)

hytter og hus og ingen borge,

blidt eller hårdt,

du er vårt, du er vårt,

du er fremtidens land.