Avtalen går ut neste år. No ber Utdanningsdirektoratet om ein uttale frå kommunen i saka.

Innfjorden Friskule fekk løyvet i 2011. Ein avtale er slik forma at dei må starte opp skulen i løpet av ein treårsperiode. Men ettersom dei ikkje har som intensjon å starte opp til hausten, vil dei forlenge avtalen dei har.

Innfjorden Friskule SA søkte i 2011 om å kunne drive skule etter eit religiøst grunnlag. Dette fekk dei løyve til. I lova om friskule heiter det mellom anna at vertskommunen, i dette tilfellet Rauma kommune, skal kunne gje ein uttale i forkant av ei eventuell tildeling. Men den skal ikkje vere avgjerande for om ein søknad skal kunne innvilgast eller ei. Eit fleirtal i ein komite, som har handsama friskulelova, påpeikar at eit tilbud som dette skal godkjennast om det blir søkt om drift etter det fastlagte godkjenningsgrunnlaget, og øvrige krav i lova.

Men departementet skal likevel kunne ta omsyn til til den offentlege skulestrukturen. Men nei til ein søknad skal ikkje begrunnast med ein eventuell budsjettsituasjon i vertskommunen.