Tirsdag lufta han mulegheita mellom politikarane i formannskapet. Og i følgje ordføraren er det også politisk vilje til at skal Rauma sin del av fylkesvegen mellom Molde og Åndalsnes, få ei lenge etterlyst og etterlengta oppgradering, må det andre midlar til enn å vente på fylkeskommunen sine.

– I ei tid der store fylkeskommunale vegprosjekt som Todalsprosjektet og Nordøyvegen står på prioritert plass, vil det ta utruleg lang tid før ein kan få fylkeskommunale midlar til utbetring av FV-64 i Rauma, seier ordføraren. Han synest det er beklageleg at ein må ty til ordningar som dette – at vegfarande på ein fylkesveg må betale ei ekstra vegavgift for å kunne ferdast trygt. Men slik han ser det er det per dato inga anna løysing.

Vekk med svingar

Det er spesielt vegen frå Gjerdsetbygda og rundt Hamresvingen samt dei andre svingane forbi Lerheim, ordføraren ser for seg ei avløysing av med dette prosjektet.

– Etter det eg forstår kan ein rundt 1100 meter lang tunnel frå Gjerdsetbygda til forbi Lerheim, løyser problematikken knytt til strekninga, seier ordføraren som også har kontakta Samspleis i saka si anledning. Samspleis er ein organisasjon som skal arbeide for betra samfersel på Nordmøre og i Romsdal – ein organisasjon også Rauma er medlem av. Dei meiner også dette kan vere ei løysing.

Det er også skissert ei anna løysing på vegproblematikken knytt til Fv-64 i Rauma. Der går ut på ein lang tunnel frå Skorgen til forbi Lerheim.

For kostbart

– Dette er eit langt dyrare prosjekt som eg ikkje ser grunnlag for å hoppe på i denne samanhengen. Det vil bli langt større kostnader og eit heilt anna prosjekt, påpeikar ordføraren.

Han har enno ikkje fått klarlagt kva ei tunnelløysing mellom Gjerdsetbygda og Lerheim vil koste. Men han antek at om den skal finansierast ved hjelp av avgifter, kan det bli bompengar i storleiksorden 20 kroner eller mindre – med rabattar.

– Slik eg ser det er etableringa av eit bompengeselskap einaste mulegheit skal vi løyse problematikken rundt den smale og svingete vegstrekninga mellom Gjerdsetbygda og Lerheim, seier Lars Olav Hustad.

Spleiselag

Med ein felles dugnad der trafikantar går inn med bompengar, meiner ordføraren det dessutan kan vere enklare å få med seg fylkeskommunen på eit spleiselag – om det skulle bli aktuelt.

– Men igjen må eg beklage at det eventuelt må ei bompengeordning til for å få til ei løysing. Men slik er det blitt – dessverre, seier Hustad.

Realisme i seg

Planansvarleg i Statens vegvesen Region Midt, Svein Solbjørg, meiner tanken om eit slikt prosjekt kan ha mykje realisme i seg.

I 1996 hadde Vegvesenet ferdig ein rapport der det mellom anna var forslag om ein 1100 meter lang tunnel som det raumaordføraren skisserer. Solbjørg påpeikar at kostnader knytt til eit slikt prosjekt kan ligge i storleik 150 til 200 millionar kroner. Og med ein årsdøgertrafikk på opp mot 1800 kan det vere eit potensial som seier at vegen kan finansierast ved hjelp av bompengar – om ikkje hundre prosent, så opp mot det.

Kortare veg

Solbjørg påpeikar at vi her også snakkar om ei innkorting av Fv-64 mellom Åndalsnes og Åfarnes på knappe 1,9 kilometer.

– I tillegg får vi bort ei både smal og svingete strekning på den fylkesvegen i Møre og Romsdal med størst andel tungtrafikk, påpeikar han.

Han viser til at store vegprosjekt som Todalsprosjektet og Nordøyvegen er dei prioriterte i fylkessamanheng.

– I tillegg bankar ei Langfjordkryssing også på døra, sler han fast.

Slik Solbjørg ser det er ein 11 kilometer lang tunnel mellom Skorgen og Lerheim lite aktuelt som eit prosjekt finansiert ved bruk av bompengar. Til det er årsdøgertrafikken for liten.

– Vi snakkar i tilfelle om eit prosjekt to og ein halv gong så stort som Vågstrandstunnelen. Trafikken på Fv-64 er for liten til å finansiere det ved bruk av bompengar, sler Svein Solbjørg fast.

Strøsild. Ein skal ikkje leite lenge i bildearkivet til Åndalsnes Avis for å finne bilder frå uhell knytt til tungtrafikken på Fv-64 mellom Gjerdsetbygda og Lerheim. Dette uhellet skjedde i 2004 då ein trailer fullasta med sild i tankar, velta på vegen gjennom Lerheimsbukta. Det er ikkje berre sand ein strør på denne vegen som tungtrafikkmessig er den mest trafikkerte av fylkesvegane i Møre og Romsdal.