Statistikken frå Statistisk Sentralbyrå (SSB) for folkemengd i Rauma per 1. januar 2013 viser ei pil som peikar nedover. Og for fjerde kvartal 2012 var Rauma den kommunen i Møre og Romsdal med størst nedgang i folketalet. Minus 16 i løpet av perioden er ikkje hyggeleg lesing for alle dei som kjempar Rauma ai sak.

Også Molde sin landfaste nabokommune, Fræna, opplevde minus i samme periode – ein anna nabokommune til Molde, Gjemnes; hadde minus 12. Men Fræna hadde ein vekst i løpet av 2012 på heile 130.

Molde var igjen vinnaren av kommunane i fylket. Dei kan vise til ei positiv utvikling i siste kvartal av fjoråret med 87. Ålesund hadde ein pluss på 57 og Kristiansund med 39.

Landfast øykommune

Skjønt vinnar og vinnar; då kjem vi definitivt ikkje utanom Giske. Øyekommunen utanfor Ålesund; befolkningsmessig på storleik med Rauma, hadde ein folketalsvekst på 82 i løpet av siste kvartal i fjor – 229 i heile året. Takke vere nærleik til Ålesund og eit samband fritt for bompengar, flyttar folk til Giske i hopetal.

I Rauma ga også siste kvartal i fjor eit underskot i balansen mellom fødte og døde. 18 kom til verda – 23 gjekk bort. I løpet av samme perioden ga heller ikkje tillfyttinga til kommunen noko pluss. 39 flytta inn i kommunen, derav 15 frå utlandet. 51 personar er registrert som utflyttarar, derav 10 til utlandet. I sum gjev dette altså ei negativ folketalsutvikling på 16 – Rauma er nede i 7.421 innbyggarar ved årsskiftet.

Korleis er så stoda i Rindal – også det ein kommune som har satsa stort på å få folk til å bli buande; folk å flytte til. 10 minus i siste kvartal. Minus i fødselstal/døde – minus i tilflytting.

Pluss i vest

Nabokommunen til Rauma i vest, Vestnes, har ein pluss på 9 i løpet av siste kvartal i fjor – 87 året under eitt. Nabokommunen i nordaust, Nesset, ein minus på 9 – det samme for heile året. Og nabokommunen i søraust, Lesja, er langt verre ute og køyre enn Rauma. I løpet av siste kvartal 2012 vart folkemengda redusert med 21 – 50 minus i løpet av 2012. Lesja har no 2145 innbyggarar.

Ei anna utvikling i Rauma som gjev grunn til uro er talet fødte. I løpet av fjoråret kom det til verda 76 born i Rauma. Det gjer at også elevtalet ved kommunen sine skular vil gå ned. Nokre fleire kjem til på grunn av innflytting, men det kompenserer på langt nær dei gode åra med årgangar på 100 born eller meir.