– Viktig med tanke på å kunne til

by ledige bustadtomter også i kommunal regi. Per i dag er det ikkje ledige tomter i bygda – ei sentrumsnær bygd som synest veldig attraktiv med tanke på nettopp bustadbygging, påpeika venstrepolitikaren då saka var oppe i utvalg for plan og forvaltning.

Saka politikarane skulle ta stilling til var kva slags prioritering ein skal legge opp til når det gjeld planoppgåver i 2013.

Heilt øvst på rådmannen si ønskjeliste står oppstart av reguleringsplanarbeid for det ein kallar Isfjorden Vest. Tokle har vist seg som eit svært populært utbyggingsområde. Og for å få fart på bustadutbygging – og tilflytting til Rauma – ønskjer kommunen å gjere ein vri i Isfjorden. Målet er å utarbeide ei reguleringsplan for området før den planlagte kommunedelplanen for store deler av bygda blir gjennomført.

Rekkjefølgje

Gudrun Herje Langseth stilte spørsmål nettopp til dette med å utarbeide reguleringsplan for Isfjorden Vest før kommuneplanen for Isfjorden er unnagjort.

Rådmann Oddbjørn Vassli vedgår at ideelt sett burde ei heilheitleg kommunedelplan for Isfjorden ha vore etablert først.

– Men dette er eit forsøk på å klargjere det som kan bli attraktive bustadtomter – med det styrke tilflyttinga til kommunen, sa rådmannen.

Han peika også på eit anna tema knytt til Isfjorden – planene om ei utbygging av skulen som også snart må på plankartet. Då er det også viktig å vite kva som skjer med husbygging – med utviklinga av bygda.

Hammermarka

Av andre planer i 2013, er ferdigstilling av kommunedelplanen for Åndalsnes av dei prioriterte. Går det som planlagt kan den bli vedteken i kommunestyret i juni. Åfarnes 2 – ei utviding av bustadfeltet – er også mellom dei prioriterte – det samme gjeld ei ferdigstilling av Skottemarka – på vestsida av Rauma elv på Åndalsnes. Oppstart av ei reguleringsplan for sentrum av Åndalsnes står på lista – det samme gjer det å halde fram arbeidet med ei kommuneplan for Isfjorden.

Ei anna plan det blir venta på med lengsel og smerte spesielt, på Nordsida; er ferdigstilling av reguleringsplanen for Hammermarka på Åfarnes. Her er det planlagt å etablere omsorgsbustader med tilgang til heildøgns pleie. Etter planen er dette bustader som skal avløyse Veøy omsorgssenter.

Politikarane i utvalet valte å ikkje prioritere innad på lista. Om kommunestyret seier seg samd med utvalet i det, betyr det at det vil stå fritt opp til administrasjonen kva plan innanfor lista dei vil arbeide med.