Eli Vollset reknar ikkje med at foreldre og elevar vil merke nokon stor forskjell når skulen i Innfjorden no ikkje lenger er ein offentleg, men ein privat skule. Skule skal i det store og det heile bruke det same læreplanverket som før.

– Men for meg og dei andre tilsette blir det ein forskjell i og med at vi får andre overordna enn før. Vi har eit styre og ikkje kommunen. Men vi blir og ein del av skulen i Rauma ved at eg framleis blir ein del av skuleleiarkollegiet, seier Eli Vollset og innrømmer at det er med spaning ho tek til på det nye skuleåret. Ho fortel at ho mellom anna vil få eit større og meir overordna ansvarsområde ikkje minst når det gjeld økonomi.

– Blir du sett meir i korta, passa meir på, trur du?– Eg kjenner på at eg har stor tillit frå styret, men det blir likevel på en annan måte enn før. Eit nærare forhold og kortare avstandar kanskje.

– Vi du få ein mindre anstrengt økonomi?– Nei, ikkje lik eg ser det no. Med 31 elevar er vi små, men elevtalet vil heldigvis stige.– Vil foreldra bli endå sterkare knytt til skulen no enn før?– Eigedomsselskapet heiter «Skulen Vår» og mange har kjøpt aksjar. Det har alltid vore sterkt engasjement og godt samarbeid, men no vil det kanskje bli eit endå sterkare eigeforhold til skulen.

– Har styret lagt sterke føringar for arbeidet?– Vi er ein kristen skule, vi skal vere sterke på IKT og vi skal vere ein friluftsskule, seier einingsleiar Eli Vollset.

Les fleire saker om skulestarten i tirsdagens papiravis her