– Vi aksepterte å ta over ansvaret for vegnettet, men stilte som ein føresetnad at staten skulle stille opp med tilstrekkjeleg kompensasjon, påpeikar samferdselssjef Arild Fuglseth i ei pressemelding.

Staten hadde inntil 2010 ansvaret for riksvegnettet. Mest sannsynleg har dei gjort ein svært så god handel med "salet" av vegnettet. For fylkeskommunen har ikkje berre fått vegar i forfall overrekt frå staten si side. Dei har fått tunnelar som skrik etter oppgradering og utbetring. Berre tunnelane åleine har eit vedlikehaldsmessig etterslep på heile 3,2 milliardar kroner. Dette viser ein rapport som Statens vegvesen har lagt fram.

Ikkje berre veg

I tillegg krev vedlikehald av bruer og ferjer nye 1,2 milliardar. På toppen av dette kjem ei utbetring av drens- og avløpsanlegg knyttet til fylkesvegnettet på 270 millionar kroner.

Vegutstyr og miljøtiltak er rekna til 470 millionar kroner, medan ovoverbyggingar utgjer eit økonomisk behov på 390 millionar kroner.

Frå samferdselssjefen si side blir det påpeika at forfallet av vegnettet skuldast mange faktorar. Men i hovedsak skuldast det at omfanget av vedlikehaldstiltak ikkje har vore tilstrekkjeleg for å oppretthalde nivået på eit akseptabelt nivå. Det gjer at tilstanden forverrar seg år for år.

Asfalt for grus

Fuglseth presiserer at store summar er brukt til asfaltering av dei siste grusvegane i fylkeskommunen sitt eige. I løpet av dei seinare åra har rundt 750 millionar kroner gått med til dette formålet. I løpet av inneverande år skal 450 kilometer med fylkeskommunale grusvegar vere asfaltert.

Og trass i betydelege midlar avsett til vedlikehald i Møre og Romsdal, er forfallet likevel ikkje blitt redusert. Slik samferdselssjefen ser det skuldast dette ein kraftig prisauke i driftskostnadene. Men også statlege pålegg med auka krav er ikkje følgt opp med auka bevilgningar. Vegeigar har komme inn i ei ondarta rundkøyring det for tida ikkje fører nokon veg ut av.

Berre tre kommunar er verre stilt enn Møre og Romsdal. Hordaland, Nordland og Troms. Og i ei tid der ein ferjefri E-39 mellom Kristiansand og Trondheim, til ein stipulert kostnad på rundt 100 milliarder, er eit brennheitt tema – står norske fylker med eit etterslep på 55 milliardar kroner berre for å kunne gjere unna naudsynt vedlikehald.