– Fint ver under sankinga klarte ikkje å kompensere for det store tapet av spesielt lam. Vi er skuffa, seier Atle Bakken, leiar i Ulvådalen Sausankelag.

Få kadaver

Dei har drive intensiv sanking i to helger, saueigarane med dyr på beite i Ulvådalen med tilstøytande fjellområde. Men trass i iherdig leiting etter sau; alt for mange av dyra blir verande igjen i fjellet – eller sagt på ein anna måte; har gått tapt.

Bakken fortel at sidan gjetinga starta i juli og fram til og med sankinga i byrjinga av september er det funne 27 kadaver; der fire eller fem av dei har vore såpass «ferske» at dei har dokumentert jerveskade. Men sausankarlagsleiaren slår fast at i høve det store talet lam som er borte, er kadaverfunna svært beskjedne.

Håp om søyefunn

Seks eller sju vaksne sauer manglar framleis. Dette er søyer dei håper skal bli funne. Utanom desse dyra er det funne kadaver av fem søyer; mest sannsynleg død av naturlege årsaker.

Men det er dei 160 til 170 lamma dei reknar tapt som fortonar seg som ei gåte. Med påvist jerv i området, kan den vere ei årsak til tapa.

Mykje ørn

– Men det som er så merkjeleg er at vi ikkje finn så mange ferske kadaver i høve det totale tapstalet, seier Bakken.

Mykje ørn i området blir sett på som ein trussel. Men dei som utpeikar seg sjølv til ekspertar hevdar ørna ikkje tek store og friske lam. Er det andre rovdyr i området? Rev? Gaupe? Ulv?Ingen av dei er sett. – Vi har også fundert på om lamma er tekne av dage tidleg i perioden; rett etter slepp. Etter at vi starta med gjeting og patruljering av områda er det gjort få funn, påpeikar Atle Bakken.

Dobling av tap

Med lamma som er borte og søyene dei reknar tapt vil tapsprosenten for årets beitesesong ligge på 11 prosent i Ulvådalen.

– Dette er nesten ei dobling i høve fjoråret, påpeikar Bakken. Han legg til at ein av saueigarane har eit tap tilsvarande 22 prosent – to av kvart tiande dyr som vart sleppt på beite, gjekk tapt. Og sjølv om det manglar nokre søyer, reknar dei ikkje med å finne fleire lam i live. Ut frå merkinga til kvar sau kan dei finne ut kor mange lam som manglar; og det er mange – alt for mange. Dag Bakken påpeikar at dei aller fleste kadavera vart funne i Vetle Hånådalen.