I reglane står det at eit valstyre skal ha minimum 40 prosent kjønnskotering – enten menn eller kvinner.

Forslaget kommunestyret skulle ta stilling til var om formannskapet skulle ha rolla som valstyre for komande stortingsval. Problemet er at det i formannskapet er 6 menn og 3 kvinner – det vil seie kotering tilsvarande 33–67 i favør menn.

Fleire representantar tok til orde for at dette måtte løysast – på ein eller anna måte. Arne Steffen Lillehagen, fast medlem i formannskapet, fann løysinga. Han ga sin plass i valstyret til partikollega Janne Søvik Hovde; og vips så var koteringa i orden.