Ungdom som fell frå skulegang – det vere seg ungdomsskule eller vidaregåande skule. Ungdom utan fast arbeid.

Konklusjonen er at dette er ei gruppe som ikkje blir gripe fatt i fort nok. Hjelpetiltaka er heller ikkje godt nok koordinert.

Prosjekt Sebra har vore eit samarbeidsprosjekt mellom kommunen ved Barne og familieeininga (BAF), NAV Rauma og Troll-Tinn AS.

I perioden 2010-2011 har dei motteke prosjektmidlar frå Helsedirektoratet til utprøving av prosjektet som dei kallar lavterskel arbeidsretta tiltak under Nasjonal stragegiplan for arbeid og psykisk helse. Prosjektet har vore administrativt forankra hos rådmannen.

Vanskeleg konklusjon

Sylvia Vik Mittet har leia styringsgruppa. Gro Berild har vore rådmannen sin representant.

Rådmannen skriv at det i prosjektperioden har vore samordna tiltak utprøvd på eit begrensa antall deltakarar. Administrasjonen meiner det er vanskeleg å konkludere om kva mål som er nådd. Talet brukarar er lite. Den praktiske utprøvingsfasen har hatt begrensa tid.

Då saka var oppe i formannskapet tok Arne Steffen Lillehagen til orde for politisk hjelpeløyse i denne saka.

– Vi blir ståande maktelaus til korleis vi skal gripe an ei sak der raumaungdom fell utanfor. Det er hjertevondt å sjå på, seier Lillehagen.

Droppar ut

3 av 10 elevar ved den vidaregåande skulen droppar ut.

Lillehagen meiner det er viktig at kommunen signaliserer eit utspel overfor NAV – at mellom anna dei kan ta eit spesielt ansvar overfor målgruppa.

Assisterande rådmann Perry Ulvestad sa på møtet at dei har hatt møte med NAV i saka si anledning. Han meiner det er naturleg at ei endring i opplegget må skje innafor NAV.

Statusrapport

Rådmann Oddbjørn Vassli sa at kommunen vil følgje opp utfordringa det er å skaffe ungdom i målgruppa tiltak. I løpet av året skal politikarane framleggast ein status om stoda.

Etter framlegg frå ordførar Lars Olav Hustad vart det vedteke at rådmannen skal legge fram ein situasjonsrapport for gruppa – ungdom utan arbeid og skule – samt vurdere vidare anbefalingar.