–Rett og slett eit utruleg ver. Det seier bonde Inge Flovik som no er godt i gang med førsteslåtten. Så tidleg som aldri før. Han fortel at på alle dei åra han har vore bonde, har han berre ein gong tidlegare starta slåtten i mai. Det normale er minst ei veke seinare enn no, aller helst litt meir enn det.

Så seint som tirsdag 27. mars var vi sit på besøk hos Inge Flovik og då var temaet sein vår og frost i jorda. Det var all grunn til å rekne med ein rekordsein vår. Men så kom eksplosjonen og tidenes kortaste vekstsesong for graset. Inge fortel at graset er kome langt, avlinga er god og arbeidstilhøva ute på enga heilt optimale.

– No kan vi køyre over alt og vi set ikkje ein gong spor etter oss, seier ein smilande bonde på Holmemstranda. Han legg til at dette er eit godt døme på at det ikkje er lett for ein bonde å planlegge. Det handlar om å vere klar når ver og klima krev det. Om godt og vel ei veke vil Inge vere ferdig med førsteslåtten i år.

– Rekordtidleg

Også i andre bygder er bøndene godt i gang med slåtten. Jørn Ole Skiri i Eidsbygda fortel oss at han berre ein gong før i si 27 år gamle bondekarriere har starta slåtten i mai og det var den gongen ein dag tidlegare enn i år, den 27.

– Så seint som den 2. mai køyrde eg ut siste lasset med møkk. Dermed har vi i år ein vekstsesong på graset på under fire veker, seier Skiri og legg til at han har lært seg at været er viktigare enn graset når han har slike bakkar som han har.

– Eg må slå dei tunge bakkane når det er tørt, seier Jørn Ole og tek no første delen av slåtten med forhaustar til silolegging.

– Eg har aldri før kunne køyre rett opp dei tunge bakkane med fullt lass. Det gjer eg no og det heilt utan problem, fortel Jørn Ole og legg til at det er fleire grunnar til at det er rett å hauste no. Det er så størt at graset ikkje veks meir og der jorda er grunnast begynner graset no å bli svidd av.

– Det er mykje gras somme plassar, men svært lite der det no begynner å bli svidd av, seier Jørn Ole Skiri.

Også andre plassar i kommunen er no slåtten i gang. Vi har sett nyslått gras i Torvika, i Isfjorden og rundt Åndalsnes.

Vi tok dette bildet den 27. mars i år hos Inge Flovik. Då var det temmeleg djup frost i jorda. Foto: Stein Siem