– Den utvida barnehagen betyr uendeleg mykje både for oss tilsette og for borna, seier barnehagestyrar Hanne Kildal.

Dei 25 borna ved Vågstranda barnehage tok tilbygget i bruk for fem veker sidan. Slik sett var nydelen testa og funnen i orden før tidligare rektor ved oppvekstsenteret, Arvid Moe, fekk æra av å klippe bandet inn i nyavdelinga og med det markere ein kjærkommen bygningsmessig tilvekst.

For det er den gamle gymsalen ved Vågstranda skule som i mange år har vore barnehage ved oppvekstsenteret. Og det er mange år sidan arealet vart for lite.

60 kvadratmeter ekstra

Ein foreldrebarnehage var ei stund ei kjærkommen avlasting. Men då den vart lagt ned, måtte alle borna skaffast plass i den ordinære barnehagen. Det vart i trongaste laget, for å seie det mildt.

– Dei 60 kvadratmetera ekstra betyr mykje for oss. Dei yngste ved barnehagen har fått eit større opphaldsrom. Gangarealet, der borna skal setje frå seg klede og fotty, er romslegare. Og sist, men ikkje minst; dei tilsette har fått eit eige personalrom. Det har vi ikkje hatt før no, poengterer Hanne Kildal.

1,25 millionar kommunale kroner har tilbygget kosta. Og Mariann K. Reistad, som er ei av to som deler rektorstillinga ved oppvekstsenteret, ser på den utvida barnehagen som ei anerkjenning av bygda.

Betyr mykje

– Barnehagen har vore trongbudd. At vi no har fått innvilga ei utviding, betyr mykje også for Vågstranda, seier Reistad.

Ho legg til at ho ikkje ser på dette som noko sjølvsagt.

– Vi føler både takksemd og glede over at vi no har fått betre plass til rådvelde – med det også få til ei kvalitetsmessig heving av barnehagen, seier rektoren.

Snorklippar Arvid Moe var den som drog i gang arbeidet med ein utvida barnehage.

– Å sjå at arbeidet no er fullført, gjer meg både stolt og glad, seier Moe.

Hadde med leiker

Barnehagekonsulent i kommunen, Greta Grøtta, hadde også teke turen til Vågstranda. Ho hadde med seg gaver i form av leiker og blomar til å pynte opp i lokala.

– Det er ikkje så ofte eg deltek på markeringar som dette, difor er det ekstra gledeleg, seier Greta Grøtta.

Ho er også glad for at tilbygget endeleg er "i boks". Tida frå første planer vart lagt til markeringa onsdag har vore lang. Men den som ventar på noko godt, ventar som regel aldri forgjeves.

Vågstranda har skule og barnehage i samme bygningsmasse; noko både rektor og barnehagestyrar ser på som positivt. Overgangen frå barnehage til skule blir liten. Borna i barnehagen og elevane ved skulen ser kvarandre nesten kvar dag – av og til er elevar innom i ein eller anna samanheng.

Onsdag kunne born, tilsette og foreldre nyte kaker, kaffe og andre goder. Endeleg har bygda fått ein barnehage som har areal nok.

Klar til sang. Borna i barnehagen på Vågstranda gjer seg klar til å underhalde. På grunn av sjukdom var det nokre som mangla; men dei som var til stades var det heilt og fullt. Foto: Øystein Talberg
Munter song. Borna på Vågstranda hevdar dei har ei gammal tante, som heiter Monica – i alle fall heiter det så i sangen. Pedagogisk leiar Anne Grete Løvik Kjersem leier an i songen. Foto: Øystein Talberg
Klart for «nam». Eit rikt kakebord sette sjølvsagt pris på åpningsfesten. Arvid Moe fekk oppgåva å skjære opp kakestykker til køa av unge kakehungrige. Styrar Hanne Kildal (bak Moe) og tilsett Hilde Myrvåg ser til at kakedelinga går rett føre seg. Foto: Øystein Talberg