Per Egil Solli-Mork frå Åfarnes har dei siste fire åra vore leiar av viltnemnda i Rauma. Han er sjøl ein aktiv jeger, og hadde i år villreinjakt i austdelen av Snøhetta villreinområde, der han felte to reinsdyr. Første jakthelga felte han denne reinsbukken på ca. 50 kg. Foto: Privat

– Dette er den aller mest fantastiske jakta

– All form for jakt er ei fantastisk naturoppleving, men det er ingen ting som slår reinsjakta. Det er den mest fantastiske av alle.