Då kommunestyret skulle velje ein ny representant frå Rauma til å vere legdommar i Romsdal Tingrett, vart det med eitt kamp om plassen. Og det var ikkje dei foreslegne som sto for kjempinga. Formannskapet innstilte på at Ap sin Per Vidar Kjølmoen frå Isfjorden skulle ha rolla. Men under møtet i kommunestyret fremja Magnhild Vik (Sp) forslag på Knut Samseth i Måndalen. Bakgrunnen for forslaget var at utvalet etter hennar meining var "sideskeivt" – det var ingen frå Sørsida. Ho krevde også skriftleg avstemning med den følgen at Knut Samseth fekk 15 stemmer – Per Vidar Kjølmoen 12.