Det er Åndalsnes og Isfjorden skolemusikkorps som skal arrangere festivalen. I eit brev til kommunen ber festivalsjef Per Arne Skomsø om avstengte sentrumsgater nokre timar laurdag 8. juni.

I brevet skriv han også at dei ønskjer å gjere festivalen til ei positiv hending for både tilreisande musikarar og leiarar – for lokalbefolkninga og eventuelle turistar.

– Vi hadde ein liknande korpsfestival i 2010. Dei gode erfaringane frå den gongen sit enno i som ei behageleg fornemming i mange menneskje sitt sinn, påpeikar Skomsø.

Oppmarsj i sentrum

Han skriv vidare at laurdag vil det vere oppmarsj, offisiell åpning av festivalen og spel i sentrum av Åndalsnes.

– Vi tenkjer oss at korpsa kjem til sentrum spelande frå ulike kantar – steller seg opp framfor rådhuset med ansikta og instrumenta vendt mot Isfjorden, skisserer stemneleiaren.

Han legg til at her vil det bli fellesnummer og nokre korte talar i etterkant.

– Eit lite podium er tenkt sett opp på øversida av uteserveringa i sentrum, skriv Skomsø.

Spele rundt om

Han forklarar vidare at etterpå vil korpsa spele på ulike stader – på Vøra, i jernbaneområdet, ved Åndalsnes sjukeheim, Hen sentrum i Isfjorden og parkeringsplassen på Horgheimseidet.

Han påpeikar at skal dei få gjennomført den planlagte delen av arrangementet i sentrum av Åndalsnes er dei avhengig av stengte sentrumsgater i ein periode på laurdag.

– Framfor rådhuset må arealet vere tomt for bilar og selgarar. Vi må ha heile området til vår disposisjon for musikarane, sler han fast.

Kommunen har godkjent søknaden under ein del føresetnader; mellom anna at arrangøren må sjøl sørgje for avsperringane – og det på ein måte som gjer at utrykningskøyrety kan komme seg inn i området.