Kommunestyret har i kvar periode ansvaret for å velje meddommarar til Romsdal tingrett – 15 kvinner og 15 menn. Ein av dei valte, Eirik Hoem, har flytta frå kommunen.

På grunn av det måtte formannskapet i sitt siste møte velje ein ny meddommar. Dei innstiller overfor kommunestyret at Per Vidar Kjølmoen skal vere ny representant. Det var Marit Nauste som fremja forslag om Kjølmoen.

Arne Hoem kom med forslag om Tormod Lien som nytt medlem. Men med 7 mot 2 stemmer gjekk formannskapet inn for Kjølmoen.