Og grunnen til dette tiltaket frå kommunen sitt utviklingsselskap er å gjere lokalt næringsliv kjent for innbyggarane i kommunen og sist men ikkje minst; for dei mange raumaværingane som av ulike grunnar har tilhald utanfor kommunen.

– Ønskjet er å etablere ein fast dag i året der bedriftene i Rauma kan få vist seg fram – med stand og scenepresentasjon i Rauma Kulturhus, fortel Raymond Talberg i Nordveggen AS.

Han legg til at dei har valt å legge arrangementet til laurdag før palmesøndag; ein laurdag som i år er den 23. mars.

– Grunnen til det er å legge til rette for at flest muleg kan få oververe messa, seier Talberg og peikar på at i samband med påskeferie er det mange som har tilhald i Rauma. Også arrangementet Romsdalsvinter går av stabelen i denne perioden.

Vise seg fram

Talberg meiner dette vil vere ei unik muligheit for ei bedrift – både å få vist seg fram samt arbeide for rekruttering av arbeidskraft.

Det er lagt opp til ein fem minuttars sekvens for kvar deltakar der dei frå scenen kan reklamere for si bedrift – fortelje kva dei kan by på.

Til no er det sju bedrifter som har meldt seg på. Plasto AS, PartnerPlast AS og Rauma kommune, Aak Safety AS, Rauma Energi AS og Kwintet AS i tillegg til Rauma Ullvare AS vil delta på næringslivsdagen.

Mange heime

– Vi har valt å kalle arrangementet "Lyst på ein (t)opptur i Rauma?" med undertekst "jobb i Rauma – mange muligheiter", opplyser Talberg.

Han påpeikar at dette er eit arrangement i samarbeid med Norsk Fjellfestival. I tillegg til eit fagleg innhald vil det også bli kulturinnslag undervegs. Og det er Raymond Talberg sjølv som skal vere konferansier og binde arrangementet saman.

– Bli med, er oppfordringa frå Talberg til dei mange bedriftene i kommunen.