2013 er språkåret – året der norsk språkleg mangfald skikkeleg skal markerast. 2013 er også 200-årsjubileet for nynorskhøvdingen Ivar Aasen. Fredag var stafettpinnen komen til Rauma. Arnøy besøkte saman med representantar for Rauma Mållag, Måndalen skule. Dei tok også turen innom Rauma rådhus for ein påverkeleg prat med rådmann Oddbjørn Vassli og ordførar Lars Olav Hustad.

Rauma kommune har sidan fødeåret 1964 vore ein språknøytral kommune. Det vil seie at det ikkje er noko krav til kor stor del det skal vere i fordelinga av bokmål og nynorsk i kommuneadministrasjonen, mellom anna.

Reidun Skjølsvik, leiar i Rauma Mållag, meiner likevel at nettopp kommunen sin administrasjonen i for liten grad bruker nynorsk – i møteinnkallingar, i saksintimasjonar og andre skriv.

– Vi er kort og godt ikkje nøgd med nynorskbruken i kommunen, sler leiaren fast.

Meir aktiv bruk

Ho seier at frå mållaget si side er dei sterkt opptekne av at kommuneleiinga brukar si påverkingskraft til meir aktiv bruk av nynorsk.

Ingar Arnøy, som er skulemålskrivar i Noregs Mållag, meiner det er viktig å ta vare på lokalt målføre. I ei tid der grensene for dei lokale avartane av det norske språket er i ferd med å bli utviska, meiner han at det å ta vare på nynorsken er viktigare enn nokon gong. Difor meiner han kommunen kan bidra aktivt til ei bevisstgjering rundt dette med språkbruken.

Mellom anna meiner han det er viktig at barn i til dømes barne- hagealder får tilgang til nynorske tekster i sangar.

– Ingen born har fordommar mot bruk av nynorsk; tvert om. Sjølv born i Oslo synest det er artig å lære seg sangar med nynorsk tekst. Også foreldra likar det dei høyrer, påpeikar Arnøy.

Påverkingskraft

Han viser også til at eit medium som NRK påverkar nynorskbruken i positiv lei. Slik han ser det er det med det langt lettare å iverksetje tiltak – på den måten påverke også barn og unge til å gå inn i framtida med eit tospråkleg grunnlag.

Fagleg ansvarleg i raumaskulen, Kåre J. Straume, seier han sjølvsagt vil ta med seg oppfordringa inn i raumaskulen – han seier han kan oppmode, men ikkje tvinge.

Han får samtykkande nikk frå rådmann Oddbjørn Vassli.

Politisk sak

Men når det gjeld oppmodinga om å gjere meir aktiv bruk av nynorsk som kommunen sitt språk til ei sak, er svaret frå rådmannen nei.

– Dette er ei sak som må køyrast fram politisk, påpeikar han og sler fast at Rauma er ein språkleg nøytral kommune – tilsette må halde seg til det.

– Men ei bevisstgjering av variert språkbruk er eg med på. Ei meir likeleg fordeling av bokmål og nynorsk berre forsterkar at Rauma er ein tospråkleg kommune, meiner rådmannen.

Ein rein bokmålsskule

Fire av seks skular i kommunen har nynorsk som målføre. Også ved Isfjorden skule er det enkeltklassar med nynorsk som hovedmål. Per i dag er det berre Åndalsnes barneskule som kan reknast som rein bokmålsskule.

Reidun Skjølsvik i Rauma Mållag meiner at det også er viktig at kommuneadministrasjonen – dei som skriv saksintimasjonar, skriv på heimesider og møteinnkallingar, blir flinkare til å ta i bruk nynorsk.

– Dette har også med korleis ein vender seg til innbyggarane i kommunen – at dei som er oppvaksne med nynorsk som sitt målføre føler at kommunen språkleg sett vender seg akkurat til dei, meiner ho.

Asbjørg Baldersheim i Rauma Mållag seier at nynorsk som språk er utsett for stort press – at så mange nyttar bokmål framfor nynorsk når mellom anna kommunale saker skal utreiast, kan vere ein viktig grunn til det.

Klart for ordskifte?

– Difor er det så viktig at kommunen er si rolle bevisst. Elles blir det bokmål.

Ingar Arnøy meiner det er synd om lokale dialekter skal bli normaliserte.

– Dess meir bruk av nynorsk, dess betre vil ein ta vare på sitt opprinnelege målføre, seier han.

Han meiner at 50-årsjubileet for Rauma som storkommune, 50-årsdagen sidan kommunen vart erklært språknøytral, også kunne ha vore året for ein debatt rundt kva det betyr å vere språkleg nøytral.

– Rimeleg med eit ordskifte rundt kva som skal vere kommunen sitt språk, seier Arnøy som fredag ga stafettpinnen til ordførar Lars Olav Hustad.