Det er avisa Driva som kan presentere resultat frå ei undersøking i Nesset der innbyggarane blir bedne om å vurdere ulike alternativ for samanslåing med andre kommunar.

Målet med undersøkinga var å få signal for det vidare arbeidet. 153 tilfeldige personar vart spurde og dei var fordelt både geografisk og på alder. Heile 70 prosent av dei som vart spurt, vil at Nesset skal slå seg samen med andre.

Til Driva seier ordførar Rolf Hurlen at han er overraska over at så mange har den haldninga.

Åtte prosent med stor tilhørigheit til Rauma

Det er ulike alternativ som er lista opp i undersøkinga. For ei samanslåing av Nesset - Sunndal er det 38 prosent som er positive og 37 er svært positive til det. 18 prosent er negative til det.

For alternativet med storkommune på Romsdalshalvøya er 30 prosent svært negative. Det same gjeld storkommunen Romsdal (utan Eide og Gjemnes) som 30 prosent er negative til.

Når det gjeld spørsmålet om tilhørigheit så svarar 20 prosent at dei har ganske stor tilhørigheit til Sunndal, 24 prosent til Molde, men berre åtte prosent til Rauma.

Ordførar Rolf Hurlen seier vidare til Driva at han trur at folk reint fornuftsmessig tenker Sunndal, men at kjenslene går i retning av Molde.

– 150 personar er eit lite utval, men det vil ikkje undre meg om vi hadde fått dei same tendensane i ei større undersøking, seier Rolf Hurlen til Driva.