Fann utbrent bil på gamlevegen – politiet ber om tips

Søndag morgon vart det funnen ein utbrent varebil på gamle E136 like ved Vorpeneset på Vågstranda. Politiet ber om tips frå publikum i saka.

Vrak: Denne bilen vart funnen på gamle E136 ved Vorpeneset på Vågstranda søndag morgon. Politiet ønskjer tips frå publikum i saka.  Foto: Privat

Nyheter

– Vi var på staden, og det vi veit nett no er at varebilen vart stolen frå ein annan adresse enn der den vart funne, seier lensmann Roar Mordal Hilde til Åndalsnes Avis.