Ei gammal sak er i mål:

Endeleg parkeringsplass

– Ja, dette har det vore eit ønskje om i fleire tiår.

Ferdig: Slik ser den nye parkeringsplassen ved gravlunden på Holmemstranda ut med blikket vendt vestover. Begge foto: Stein Siem 

Mot vegen: Der er sett opp ein mur og stabbesteinar i naturstein mot fylkesvegen gjennom bygda. 

Nyheter

Kyrkjeverje Magny Landre slår fast at det no berre er asfaltering som står att før ein ny parkeringsplass er ferdig ved gravplassen på Holmemstranda. Og ho legg ikkje skjul på at ho er glad for endeleg å ha fått gjennomført noko det har vore spørsmål om i fleire tiår. Bakgrunnen har vore ein svært vanskeleg parkeringssituasjon, særleg i samband med gravferder der besøket har vore stort.

– Det har vore parkert på vegen, i private oppkøyringar og på dyrka mark og har ikkje vore bra, seier kyrkjevergen og fortel at rundt 660.000 kroner har det kosta å kjøpe grunn, bruke fagleg hjelp til planlegging og til å utføre sjølve det praktiske arbeidet på plassen. Planarbeidet og finansiering har gått over fleire år. Det har mellom anna vore gjort arkeologiske utgravingar før arbeidet kunne settast i gang.

– Vi har fått svært gode tilbakemeldingar på det arbeidet som no er gjort og folk i området er glade for at det endeleg har blitt ei løysing, fortel Magny Landre. Ho legg til at plassen har fått ein parkeringskapasitet som vil vere tilstrekkeleg i dei fleste tilfelle og at det er ei visuell opprusting av heile området det som no er blitt gjort. Eid og Holm sokneråd har sørga for at ein minnestein som før stod på andre sida av vegen, no er flytta til og gjort meir tilgjengeleg, som ein del av den nye parkeringsplassen.

– Vi meiner vi har fått til ei forskjønning av heile området ved gravplassen. Vi tek asfaltering til neste år når plassen har sett seg og då vil Rauma kommune sette opp eit gjerde mellom parkeringsplassen og gravplassen, seier Magny Landre.