Skryt frå NVE for Vengåa kraftverk: «Framifrå sluttresultat»

Vengåa kraft får skryt av Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE). Bakgrunnen er eit tilsyn 22. oktober etter den avslutta byggefasen.

Vengåa kraftverk.  Foto: NVE

Nyheter

«Utbygging av Vengåa kraftverk er etter det NVE kan sjå gjennomført i samsvar med godkjent detaljplan for miljø og landskap. Det er NVE si oppfatning at anlegget vart bygd med nøktern arealbruk og framifrå sluttresultat», skriv NVE i rapporten.