Innfjorden vil tilbake på E136–kartet, får samferdselsministeren på besøk onsdag

Med statsråd Jon Georg Dale i spissen, får Innfjorden besøk av ein sterk samferdselstrio onsdag formiddag. Bygdalaget krev at flaskehalsen i Innfjorden kjem tilbake på E136-kartet.

Samferdselsminister Jon Georg Dale frå Framstegspartiet (t.v.) kjem til Rauma og Innfjorden onsdah for å sjå nærmare på trafikksituasjonen ved riksvegen E136, som går igjennom bygda. Her er Dale saman med kunnskapsminister Jan Tore Sanner (H) under eit pressetreff i vår i samband med utbygginga av E18.   Foto: Lise Åserud / NTB scanpix

Nyheter

– Me vil ha fokus tilbake igjen på Innfjorden og E136, og at Statens Vegvesen skal hente fram igjen planene frå 1990, seier leiar Gudmund Nyheim i Innfjorden bygdalag, som saman med resten av styret har jobba for at nasjonale aktørar igjen skal sette fokus på E136 igjennom bygda.