«Det viktigaste løftet for å forbetre grunnskulen i Rauma»:

– Alle elevar får eigen PC

I år startar ei ny digital æra for Rauma-elevane i grunnskulen. Innan tre år skal alle elevar ha sin eigen PC eller nettbrett.

Den nye skulesjefen i Rauma, Aina Øyen Henden, seier at PC eller nettbrett til alle elevar er det viktigaste løftet for å forbetre grunnskulen i Rauma. 

Nyheter

Ho har fått god god starthjelp av eit samla kommunestyre, den nye skulesjefen i Rauma, Aina Øyen Henden. Kommunestyret løyvde i juni-møtet 1,2 millionar til «Oppgradering og økt årleg IKT satsing på barnehage og skole, jfr. Strategiplan skole», noko skulesjefen er klar på er stort for Rauma-skulen.