Tilbake i politikken etter 20 års pause

– Det er både godt og viktig å engasjere seg sjøl om ein har kome godt oppi åra, og eg trur at eg framleis har ting å bidra med.

Lars Ramstad (78) starta i politikken for 55 år sidan då han gjekk inn i kommunestyret i Voss. Han har over 16 år i fylkespolitikken i Møre og Romsdal, åtte av dei som fylkesordførar. No har han meldt seg til teneste i lokalpolitikken igjen.  Foto: Arnt Øyvind Siem

Nyheter

Politikarveteranen Lars Ramstad (78) starta i lokalpolitikken for over 50 år sidan. I 1964 gjekk han inn i kommunestyret på Voss, der kona hans kjem ifrå. Sjøl er opprinneleg frå Skjåk i Nord-Gudbrandsdalen.