Oppland vil ha avliving av jerv gjennom hiuttak - får støtte frå Rauma

Leiaren i Rovviltnemnda i Oppland krev at avliving av jerv no må skje gjennom såkalla hiuttak, også i grenseområda til Rauma. Og ho får full støtte frå Rovviltutvalget i Rauma.

Roviltnemnda i Oppland meiner at miljøforvaltninga ikkje følgjer opp vedtaka i rovviltforliket på Stortinget, og at konsekvensen av dette blir ein altfor stor jervebestand også i våre fjellområde. Oppland får full støtte av leiar Harry Brude i Rovviltutvalget i Rauma.   Foto: Arnt Øyvind Siem

Nyheter

– Me greier ikkje å få tatt ut så mykje jerv som det er bestemt at me skal ta ut. Dette skjer år etter år, og dermed er det ein betydeleg vekst i jervebestanden i Norge, seier leiar Aud Hove i Rovviltnemnda i Oppland, som også er fylkesvaraordførar for Senterpartiet.