Trebarnsmora Guro ropar varsku om mobbing og nettvett

- Eg har kvidd meg veldig for å stå fram i avisa i denne saka. Men eg er endå meir redd for konsekvensen av å ikkje seie tydeleg ifrå om måten barna kommuniserer med kvarandre på nettet. Eg er skremt.

– Eg er veldig, veldig skremt over det eg har sett og lest dei siste dagane. Eg er ikkje ute etter å henge ut nokon eller gjere meg sjøl betre enn andre, men eg er redd for at vi som er foreldre og vaksne er altfor naive når det gjeld den kontakten, ordbruken og kommunikasjonen vi har på nettet, ikkje minst det som skjer barna imellom. Og eg trur dette har vorte verre og verre dei siste åra, seier trebarnsmora Guro Skjelbostad (39) frå Måndalen.   Foto: Arnt Øyvind Siem

Nyheter

Dette seier Guro Skjelbostad (39) frå Måndalen til Åndalsnes Avis. Ho er mor til tre barn i alderen frå 10 til 18 år, og har dei siste dagane vore i ein situasjon som ho har vore svært usikker på korleis ho skulle takle.